Mange i russekullet hadde tatt oppmodinga frå russestyret og stilte i rosa kle i dag for å markera engasjement i kreftsaka. Eit titals russeelevar hadde dessutan gjort heimeleksa og baka kaker som vart selde i kantina.
– Alle pengane vi får inn går til Kreftforeningen, fortel Vibeke Escher i russestyret.
Ho samla eit knippe rosakledd russ til fotografering i haustsola på Kvinnherad vidaregåande skule sitt uteområdet.
Inne i kantina gjekk kakesalet så det suste, og mange rosakledde gav skulen eit ekstra fargerikt fellesskap denne dagen.
– Det er elevar på andre trinn som òg har kledd seg i rosa i dag – det var kjekt å sjå, smilte russegjengen.
Til saman fekk russen inn 2.321 kroner på kakesalet under rosadagen.