Krafttak mot kreft-aksjon på søndag

KRAFTTAK: Aksjonsansvarleg i russestyret, Magrete Næs, fortel om stort engasjement for aksjonen i russekullet.

KRAFTTAK: Aksjonsansvarleg i russestyret, Magrete Næs, fortel om stort engasjement for aksjonen i russekullet.

Søndag ettermiddag går Russ 2019 frå dør-til-dør for å samla pengar til årets «Krafttak mot kreft».

DEL

– Russen er Kreftforeningens viktigaste samarbeidspartner i denne aksjonen, fortel aksjonsanvarleg i russestyret, Magrete Næs (18).

Russen kjem til å gå i alle bygder der det er russ, og dei som ikkje er heime får ein lapp på døra som fortel korleis du likevel kan gi pengar. I tillegg kan ein støtta den lokale aksjonen på fleire måtar, blant annan via Vipps (451023). Meir om måtar å gi pengar på finn du på kreftforeningen.no.

– I år går pengane frå den landsomfattande aksjonen til forsking på krefttypar med låg overleving. Sjølv om sju av ti overlever kreft, har til dømes bukspyttkjertelkreft og lungekreft svært låg overlevingsprosent, fortel Næs.

Ifølgje Næs er det 14. gongen KVV-russen engasjerer seg i Krafttak for kreft. Og dei siste åra har ein klart flotte lokale resultat.

– Både i fjor og året før klart russen å samla inn rundt 200.000 kroner, så noko rundt der om kring er målet for oss òg, seier Næs optimistisk.

Så godt som heile russekullet er i sving under aksjonen – engasjementet er stort.

– Aller kjenner nokon med kreft, så det er ikkje vanskeleg å få folk med. Russen skal gå rundt 70 ruter på søndag – kvar rute tar om lag to timar å gå, smiler Næs og håpar bøsseberarane blir godt mottekne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags