Sprek russ: Magnus (18) overnatta på Melderskin i russebuksa

Magnus Eide (18) frå Halsnøy er ein sprek russ. Natt til tysdag overnatta han på Melderskin under open himmel, og fekk nokre skikkeleg tøffe bilde av seg sjølv i russebukse og russelue. (Foto: Privat).

Magnus Eide (18) frå Halsnøy er ein sprek russ. Natt til tysdag overnatta han på Melderskin under open himmel, og fekk nokre skikkeleg tøffe bilde av seg sjølv i russebukse og russelue. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 2 år gammel

Sprekingen Magnus Eide frå Halsnøy gjorde eit litt uvanleg russe-"stunt" natt til tysdag.

DEL

Magnus Eide (18) frå Halsnøy er russ i år, og pendlar til Stord vidaregåande skule. Måndag fekk han lyst til å gjera eit litt spesielt «stunt», og tok med seg soveposen og russebuksa til toppen av Melderskin der han overnatta under open himmel.

– Eg var på jobb på Spar Sæbøvik på ettermiddagen, og snakka med ein kollega om at det hadde vore flott å gå på tur i det fine vêret. Så kom eg på at det hadde vore artig å få nokre kule bilde i russebuksa på toppen av Melderskin. Sjefen min Sverre Bjørnevik var så grei å gi meg fri litt tidlegare, så då heiv eg meg i bilen til Rosendal.

Den spreke russen begynte på fjellturen i 21-tida, og fortel at han fekk med seg den vakre solnedgangen på turen oppover.

– Då eg kom til toppen var det heilt vindstille og nydelege forhold. Eg koste meg med litt niste, før eg rulla ut soveposen og la meg til å sova under open himmel, fortel Magnus.

I fem-tida på morgonen tysdag blei han vekt av sola som kom over Folgefonna. Då åt han frukost, tok nokre artige bilde i russebukse og russelue i soloppgangen, og så gjekk han ned igjen.

– Eg rakk faktisk båten til Stord og kom meg på skulen på tysdag morgon, fortel Magnus, som meiner turen var ei herleg avkopling frå eksamens-stresset.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken