Russetida er blitt større, proffare, dyrare

Om russen sjølv vil, finst det nesten ikkje grenser for kor mykje pengar dei kan svi av på russefeiringa. Eigen bil, eigendesigna klede, russelåt og reiser er berre noko av det som kostar pengar, og i år har det tatt heilt av.
Publisert
DEL

KVINNHERADRUSSEN 2018Russefeiringa er utan tvil noko særnorsk og heilt spesielt. I nokre månader har ungdommane liksom «lov» til å festa oftare og vera våryre, energiske, rampete og barnslege. Men dei seinare åra har det materialistiske fått større fokus enn tidlegare, kanskje fordi regelverket, på til dømes skulen, er blitt strengare og strengare. Russegrupper med eigne russebilar har vi hatt i Kvinnherad i nokre år, men det nye no er at gruppene har eigne «konsept», som gjerne består av eige gruppenamn med eigen logo, eigne klede i tillegg til russedressane og kanskje også spesialdesigna russelåt. I årets russekull er det i skrivande stund seks slike grupper med eigne konsept: Gutegruppa «Gatsby 2018», «Belvedere 2018» med både gutar og jenter, jentegruppa «The Royals 2018», jentegruppa «Tequila$$ 2018», jentegruppa «Aventura 2018» og jentegruppa «Totally Wasted 2018». Ikkje alle har bil eller eigen låt, men alle har eige konsept med eigen logo.

Då vi snakka med russestyret var dei samde i at det meste er blitt større og dyrare med årets kull:

– Det er blitt så dyrt at eg fryktar at færre tar del i russefeiringa på grunn av det, seier Ester Djuvstad.

– Gruppene blir større og fleire, men det totale russe-fellesskapet er mindre, forutan dei faste tradisjonane som til dømes revy, russedåp og russebryllaup, legg Marte Ersland Prestnes til.

To leverandørar er dominerande på russemarknaden: Russeservice og Russedress. Dei same eigarane står bak begge selskapa, og i 2016 hadde TV2 sak om at russen føler seg utnytta fordi mangelen på konkurranse gjer prisane på russekleda skyhøge.

Eigen minibuss

Her ser du omtrent halvparten av russegruppa «Gatsby 2018», som har kjøpt eigen minibuss til russetida. På taket f.v.: Espen Mikal Alfarnes, Erlend Fredheim, Mats Langmo Røssland og Jarand Naterstad. I midten f.v.: Ole Kristian Gjuvsland, Alexander Johnsen, Senadin Foric og russepresident Kristian Enes. Desse er også med i gruppa, men er ikkje med på bildet: Tore Jan Sønstabø, Trym Vårdal, Eirik Aleksander Warberg, Emil Bakke Berntsen, Jarand Naterstad, Mats Langmo Røssland, Karsten Andre Haugland og Torgeir Bøyum.

Gutane i Gatsby er kanskje dei som har «dratt det lengst» og brukt aller mest pengar til no. Gruppa består av russepresident Kristian Enes, Erlend Fredheim, Tore Jan Sønstabø, Trym Vårdal, Alexander Johnsen, Eirik Aleksander Warberg, Ole Kristian Gjuvsland, Emil Bakke Berntsen, Espen Mikal Alfarnes, Jarand Naterstad, Mats Langmo Røssland, Karsten Andre Haugland, Torgeir Bøyum og Senadin Foric. Dei har til og med spelt på pengebruken både i «dekknamnet» og noverande namn på gruppa. Dekknamnet er namnet dei opererer med ei tid før dei avslører det eigentlege namnet på gruppa, eit byfenomen som no har nådd Kvinnherad. Gatsby sitt dekknamn var «Lyxfälla», etter det svenske tv-programmet om folk som er hamna i økonomisk uføre. Dei hadde eigne genserar med dekknamnet på, og då det verkelege namnet Gatsby blei lansert, kjøpte dei genserar og jakker med den nye logoen på.

– Korleis kom de fram til namna Lyxfälla og Gatsby?

– Fordi vi er ekle! ler Tore Jan ironisk og blunkar.

– Vi var innom veldig mange forslag, men ville ha konsept som handla om pengar fordi vi visste at alle i gruppa var førebudde på å bruka mykje pengar på russetida, forklarar Kristian og Erlend vidare.

Dei hadde eigen «sleppfest» for det nye konseptet i oktober, der artisten Unge Donna, som har laga låt til gruppa, spelte. Å få laga ei slik låt frå ein russelåt-artist kan kosta mange tusen, men gutane i Gatsby vil ikkje ut med nøyaktig sum.

– Den var ikkje gratis, akkurat, ler karane.

Å ha eigen russebil er for mange eit «must», og også her har Gatsby-gruppa dratt det lengre enn dei andre. Dei har nemleg kjøpt ein minibuss som skal brukast som russebil, og etter det Kvinnheringen kjenner til er det ingen andre russegrupper som har gjort det i Kvinnherad tidlegare. Bussen kosta 52.000 kroner.

– Vi kjøpte den av ei russegruppe i Bergen, som kalla seg «Freaky fantasy 2016». Så den må malast om. Den var rimeleg, nærme, og funka som den skulle, fortel Erlend.

Og apropos pengar. Kor mykje reknar dei eigentleg med å bruka på russetida til saman? spør vi. Dei begynner å rekna høgt:

– Vi har sikkert brukt til saman 70.000 på klede, seier Tore Jan.

– Og minibussen kosta 52.000. Den må jo kanskje fiksast òg for å bli EU-godkjent, og så må vi leiga ein sjåfør som kan køyra den for oss, legg Erlend til.

– Og så var det låten, minnar Alexander dei på.

– Ja, som gruppe kjem vi sikkert opp i 150.000 til saman, seier Tore Jan.

– Kanskje 200.000 òg! Det er jo mykje, men vi synest det er verdt det. Folk her til lands har betre råd i dag, og brukar meir pengar generelt. Det gjeld også ungdommar. Du er berre russ éin gong i livet. Dessutan har vi ikkje brukt mykje av eigne pengar, seier Erlend.

Ei anna gruppe som står litt i kontrast til gutane i Gatsby, er jentegruppa på fire som kallar seg Totally Wasted. Dei har planar om å halda pengebruken i russetida på eit minimum.

– Vi gidd ikkje stressa med ting, og vi tar ting litt på sparket. Vi brukar ikkje pengar på russebil eller russelåt. I staden skal vi bruka privatbilane våre. Det einaste vi har brukt pengar på er logo til konseptet og eigne genserar med logoen på. Vi er ein ganske avslappa gjeng, ler Camilla Hatlestad Røssland, Britha Elise Jordal, Kristi Løyning Eikeland og Kaia Renata Bergersen, som er samde med resten av russen; at russetida lett kan bli eit pengesluk viss ein ikkje passar nøye på.

Dugnad

Men korleis skaffar eigentleg russen pengar? Jo, dei fleste jobbar dugnad for å unngå å bruka for mykje av eigne sparepengar. Dei har selt alt frå ved, te, sokkar og vårrullar til dopapir og syltetøy, i konkurranse med alle andre frivillige lag og organisasjonar i kommunen. Russegruppa «The Royals 2018» arrangerte til og med loppemarknad for å samla inn pengar til bil og russetida. Gruppa består av Henriette Aakre Skarveland, Zumilana Eldi, Ester Djuvsland, Madel Holmedal Gjerding, Vilde Teigen og Madel Borgen.

– Vi ville ikkje ha eit namn som spelte på sex, vi ville ha noko litt meir «classy», fortel jentene «The Royals 2018» om gruppenamnet. Bak f.v.: Madel Holmedal Gjerding, Oda Gertz, Madel Borgen og Vilde Teigen. Fremst f.v. Zumilana Eldi, Ester Djuvsland og Henriette Aakre Skarveland.

– Mange begynner å planlegga russetida tidleg, som til dømes kven dei skal vera i gruppe med. Vi er ein ganske samansveisa gjeng frå før, så for oss var det heilt naturleg at vi danna russegruppe i lag. Vi gjorde nesten all jobben med dugnad i fjor, då vi var andreklassingar, for å få det unna før vi begynte på tredjeåret. Det kan bli heftig travelt med skulearbeid, faste russearrangement- og aktivitetar, og så kjem det vi skal gjera innad i gruppene med bil og andre ting i tillegg, fortel Madel Holmedal Gjerding.

Jentene i Totally Wasted har faktisk òg sett i gang ein dugnad slik at dei får pengar til blant anna bensin til privatbilane. Dei sel 4 kilos-pakkar med vaskepulver. Russegruppa Tequila$$ reknar med å bruka rundt 50.000 kroner til saman i gruppa, og har både jobba dugnad og fått sponsorar:

– Vi hadde eit håp om å ikkje bruka så mykje pengar, men det er vanskeleg. Heldigvis har vi ikkje brukt mykje av våre eigne pengar. Vi må få takka den gode hjelparen vår, Morten S. Eik, som har hjelpt oss enormt med bilen på dugnad! Utan han hadde det aldri gått, seier Cathrin Mehl, Sara Guddal, Mari Omvik Furdal, Mari Leganger, Amalie Lyngnes Tungesvik, Stine Nerhus, Karoline Myklebust og Olina Guddal i Tequila$$.

Russegruppa «Tequila$$ 2018» består av desse åtte jentene. Bak f.v.: Cathrin Mehl, Sara Guddal, Mari Omvik Furdal og Mari Leganger. Framme f.v.: Amalie Lyngnes Tungesvik, Stine Nerhus, Karoline Myklebust og Olina Guddal.

Når det kjem til Landstreffet i Stavanger (LS), eit høgdepunkt for Kvinnherad-russen, er det òg mogleg å bruka ekstra pengar. I år går LS av stabelen 4.–6. mai, med artistar som Martin Garrix, Macklemore, Axwell/Ingrosso, Karpe Diem og Cezinando for å nemna nokre. Billettane til denne russefestivalen blir alltid rivne vekk omtrent same dagen dei blir lagt for sal, men no kan ein i tillegg til ordinær billett kjøpa eigne «VIP»-pakkar, og hotellrom på eigne landstreff-hotell. Då får ein tilgang til eigne før-festar med DJ og bar, og ein slepp forbi køane på veg inn i festivalområdet.

– Etter diverse dugnadar hadde vi på eit tidspunkt ein del pengar til overs, så då bestilte vi fire tomannsrom. Det kosta 17.000 kroner, fortel jentene i The Royals.

– Aventura, som betyr eventyr, er kort og spennande, akkurat som russetida! seier denne jentegruppa om namnet. F.v. Ingvill Mikkelsen Rusten, Vilde Fiskerstrand Prestnes, Emma Charlotte Bjelland Saghaug, Ellen Sofie Rørdal, Marte Prestnes Ersland, Emma Lie Jacobsen, Ingrid Olderkjær Samland og Kristin Røen Landa.

Denne gjengen i «Belvedere 2018» har namnet sitt frå eit vodka-merke fordi ein som tidlegare var med i gruppa kjøpte ein ekstra dyr type vodka på danmarksturen i haust. F.v.: Madelein Ringheim Reigstad, Kathrine Saghaug, Marie Nesse, Madeleine Arenas Kjempenes, Karen Pedersen Brede og Cato Miljeteig. Kiowa Sweers Jimenez og Benjamin Eirik Henriksen er også med i gruppa, men er ikkje med på bildet.

Artikkeltags