Gå til sidens hovedinnhold

Utan ein raud tråd: – Det blir underhaldning i høgt tempo

Artikkelen er over 3 år gammel

Årets russerevy er like rundt hjørnet: – Det blir underhaldning i høgt tempo, lovar årets revysjef-duo.

Første desember står det komande russekullet, tradisjonen tru, på scenen i Kulturhuset Husnes. Årets revy har fått namnet «Utan ein raud tråd».

– Det blir revy med mykje forskjellig på menyen. Det blir parodiar, dans og song. Og heilt sikkert ein del pinleg på scenen. Vi skal prøva å halda eit høgt humoristisk nivå, utan dei meir seriøse nummera, seier revysjefane Madel Borgen (17) og Brede Grønningen jr. (18), til Kvinnheringen.

Tidkrevjande jobb

Saman med rundt 25 sisteårselevar har dei teke på seg ansvaret for å stella i stand årets russerevy. Det er inga enkel oppgåve, skal vi tru duoen.

– Vi sette i gang med planlegginga alt i 2. klasse, men det er mykje kjekkare å no vera her i salen og øva. Det er no vi merkar at vi kanskje burde ha kome i gang med øving på scenen tidlegare, og heller droppa eit par revymøte. Ansvar for revyen må vel vera det vanskelegaste og mest tidkrevjande ein kunne ta på seg av oppgåvene i russestyret, seier dei.

– Kva har vore vanskeleg?

– Vi er jo amatørar og har aldri gjort dette før. Vi ser kva vi burde ha gjort annleis tidlegare i planlegginga. Det er likevel morosamt å halda på, og vi trur det kjem til å bli ei veldig bra framsyning. Målet er at publikum skal få sjå mykje løye, og gå derifrå leande og fornøgde.

– Eg synest ikkje revyane har vore så bra dei siste åra. Eg er sikker på at vår kjem til å bli ein av dei beste på ei god stund. Vi har ein del kreative element som kjem til å gjera denne betre. I tillegg så legg vi vekt på hurtige sceneskift. Det blir underhaldning i høgt tempo, lovar Brede Grønningen jr.

1. desember er premieren, og dagen etterpå vert det halde ei ekstra framsyning.

Kommentarer til denne saken