Russens gøyale godtepose

Russerevygjengen tar imot velfortent applaus, medan pensjonistterrorist Marte Prestnes Ersland ristar over scenen per rullator.

Russerevygjengen tar imot velfortent applaus, medan pensjonistterrorist Marte Prestnes Ersland ristar over scenen per rullator. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Russerevyen «Utan ein tråd» var ein herleg adventskalender med 24 luker fylte lått og løye. Premieren i Kulturhuset Husnes fredag kveld drog fullt hus.

DEL

Såpass mange revynummer krev raske sceneskift, og det klarte russen fint. Dei klarte også å variera verkemidla, slik at publikum av og til måtte vri hovuda for å få med seg det som skjedde. Lys, lyd, scene og sal vart brukt på effektfulle måtar, og slikt må til når ein byr på halvannan time med mykje moro.

Underbuksehumoren var sjølvsagt til stades, både i form av praktisk prevensjonsrettleiing og heftig gutedans. Men russen var ikkje meir nedi boksarar og truser enn det skal vera i ein russerevy.

Dei klassiske lærarparodiane var originalt nok baka inn i ulike sketsjar, som t.d. ein «The Voice»-parodi, og ikkje minst i to flotte kontrasterande sketsjar. I det eine tilfellet i form av to ulike «kva må til for å sleppa gymmen»-scenar («Anne Britt Bjelland» mot «Jan Inge Walle Walleraunet»). Ein gipsa fot var ikkje nok for Walle:

– Ha dæ opp på Åsen!

I det andre tilfellet to høgst ulike mattetimar i regi av «Gry Hege Grønningen» og «Egil Vaage». I desse og fleire andre sketsjar må verkemiddelbruken verkeleg ha varma hjarto til ei rekkje norsklærarar og andre KVV-tilsette med hang til analyse. Og når det kjem til regi og slikt, skal skal revysjefane Brede Grønningen jr. og Madel Borgen ha ros, det same skal instruktørane Anne Britt Bjelland og Karianne Solheim, samt lys- og lyd-magikarane Jarand Vikør Skarveland og Cahtrin Mehl.

For ein som i russesamanheng sjølvsagt er eit forstokka fossil (russ 1983!), var det «One night stand»-sketsjen som bokstaveleg tala stod lysande fram, reint scenografisk. Ei dobbeltseng på høgkant, kvitt sengetøy, knall lyssetjing, vittige poeng og ei overraskande vending til slutt.

Kva meir kan ein forlanga? Jo, det skal eg seia deg: Ein herleg lærkledd og lett feminin «Kjartan» (Kristian Enes tok denne Kristian Valen-figuren på kornet) som gjennomgangsfigur, lun pensjonistterror, ein god del feiande fine dansenummer det ligg svært mykje øving bak, fleire gode lærarparodiar og ei fin raljering med politisk paneldebatt. I sistnemnde fekk «Me too»-bølgja ein fin vri gjennom Sp-representanten som heller ville snakka om «mi ku», og alt kyrne i Uskedalen må gjennomgå i festivaltida. Sp-aren var elles mot burka for «ein må jo visa fjøset».

Å hoppa etter Wirkola, i form av ein kopi av Kevin Vågenes sin hysterisk morosame «Parterapi», var eit vågalt trekk, men på sitt sjarmerande vis kom russen unna med det òg.

Songnummera var varierande, og det var ikkje alltid like lett å skilja mellom parodiar og gode forsøk.

Slik er det – verken russerevyar eller adventskalenderar har tipp-topp godbitar heile vegen. Men så er smaken som baken, og eit ueinsarta publikum har ulike preferansar og ulike kjenningar på scenen.

Halvannan time med mykje moro er uansett strålande prestert av årets revyruss, og ein fullsett kinosal – vel 440 publikummarar i talet – fekk forlenga liva sine med fleire år til saman. Låtten sat i alle fall laust gjennom heile forestillinga. Les du dette før andre forestilling (laurdag kveld, 2. desember), har du framleis sjansen til å få revyen med deg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags