Fekk russebilen kontrollert gratis

No skal Vilde Anfinsen til venstre og Anna Ingeborg Øvrehus og resten av gjengen berre ha russebilen på EU-kontroll før dei kan ta den skikkeleg i bruk.

No skal Vilde Anfinsen til venstre og Anna Ingeborg Øvrehus og resten av gjengen berre ha russebilen på EU-kontroll før dei kan ta den skikkeleg i bruk.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Russen i år har fire russebilar som dei fekk gratis kontrollert onsdag ettermiddag.

Tysdag var politi og Statens vegvesen på besøk hos russen, der dei snakka om tryggleik i trafikken.

– Det er utruleg viktig at bilen er i forsvarleg stand, det er ikkje eigne reglar for russebilar. Dei må vera i lika god stand som vanlege bilar, seier Sverre Vaage ved Statens vegvesen.

På møtet med russen var det rein informasjon som skulle ut både om mobilbruk og beltebruk.

– Vi er opptekne av at russen skal ha det kjekt og moro, og vi fokuserer og på at det er viktig at russen tek skikkeleg vare på kvarandre, fortel Vaage.

Måtte ha kontroll

Etter ein times venting for Statens Vegvesen, dukkar dei første russebilane opp. Første bilen som kjem er stappfull av russejenter. Bilen har dei leigd og den er snart klar for den komande russefeiringa. Den ser framleis berre ut som ein vanleg raud kassebil, men om nokre dagar skal den få logoar og sponsorar på.

Åtte jenter er med på bilen, og dei har planlagt å ha bil i lag i mange år. Anna Ingeborg Øvrehus og Vilde Anfinsen er to av jentene, og dei hevdar dei er veldig opptekne av at bilen skal vera trygg.

Informasjonen frå politi og astatens vegvesen var både nyttig og informativ meiner dei.

Det dei gler seg aller mest til no, er å reisa på tur til årets store russehappening, landstreffet i Kongeparken. Sju av dei åtte jentene som er med på bilen skal av garde, men dei skal ikkje bu i bilen. Det blir hotellovernattingar.

EU-kontroll

Etter vel ein halvtime er bilen nøye gjennomgått, og det var ikkje mange feil å finna. Det som dermed står att er ein EU-kontroll av bilen. Er alt ok då, er både bil og jenter klare for russefeiringa.

Caravellen frå 1997 som dei leiger, har gode kameratar av jentene job-ba og skrudd på i vinter, slik at den skal vera i god teknisk stand.

Kort tid etter at jentene har fått sjekka sin bil, er det gutane sin tur. Ein ny Caravelle dukkar opp, ein litt nyare frå 2003. Også den er det blitt skrudd og fiksa mykje på før russetida.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken