No er russen klar for å rulla

No skal Vilde Anfinsen til venstre og Anna Ingeborg Øvrehus og resten av gjengen berre ha russebilen på EU-kontroll før dei kan ta den skikkeleg i bruk.

No skal Vilde Anfinsen til venstre og Anna Ingeborg Øvrehus og resten av gjengen berre ha russebilen på EU-kontroll før dei kan ta den skikkeleg i bruk.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Russen i år har fire russebilar som dei fekk gratis kontrollerte hos onsdag ettermiddag. Dagen før var politi og Statens vegvesen på besøk hos russen på KVV, der dei snakka om tryggleik i trafikken.

– Det er utruleg viktig at bilen er i forsvarleg stand, det er ikkje eigne reglar for russebilar. Dei må vera i lika god stand som vanlege bilar, seier Sverre Vaage ved Statens vegvesen.

På møtet med russen var det rein informasjon som skulle ut, både om mobilbruk og beltebruk.

– Vi er opptekne av at russen skal ha det kjekt og moro, og vi fokuserer og på at det er viktig at russen tek skikkeleg vare på kvarandre, fortel Vaage.

Måtte ha kontroll

Og etter ein times venting for Statens Vegvesen onsdag, dukka dei første russebilane opp. Første bilen som kom var stappfull av russejenter. Bilen har dei leigd og den er snart klar for den komande russefeiringa. Den ser framleis berre ut som ein vanleg raud kassebil, men om nokre dagar skal den få logoar og sponsorar på.

Åtte jenter er med på bilen, og dei har planlagt å ha bil ilag i mange år. Anna Ingeborg Øvrehus og Vilde Anfinsen er to av jentene, og dei hevdar dei er veldig opptekne av at bilen skal vera trygg.

Informasjonen frå politi og Statens vegvesen var både nyttig og informativ, meinte dei.

Det dei gler seg aller mest til no, er å reisa på tur til årets store russehappening, landstreffet i Kongeparken. Sju av dei åtte jentene som er med på bilen skal av garde, men dei skal ikkje bu i bilen. Det blir hotellovernattingar.

EU-kontroll

Etter vel ein halvtime var bilen nøye gjennomgått, og det var ikkje mange feil å finna. Det som dermed står att er ein EU-kontroll av bilen. Er alt ok då, er både bil og jenter klare for russefeiringa.

Caravellen frå 1997 som dei leiger, har gode kameratar av jentene jobba og skrudd på i vinter, slik at den skal vera i god teknisk stand.

Kort tid etter at jentene fekk sjekka sin bil, var det gutane sin tur. Ein ny Caravelle dukkaa opp, ein litt nyare frå 2003. Også den er det blitt skrudd og fiksa mykje på før russetida.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken