Vandrerussen: Ekskluderte, eller berre «mindre gira»?

Her ser du nokre ungdommar frå årets russekull som ikkje er del av russegrupper, og som derfor blir kalla «vandreruss». F.v.: Solveig Haugland, Anja Thorkelsen Kleven, Susann Haga, Kristine Tveit, Brede Grønningen Jr., Torstein Thorkildsen, Synne Eide Bjørnebøle, Mathilde Olsen og Åshild Bjørnebøle.

Her ser du nokre ungdommar frå årets russekull som ikkje er del av russegrupper, og som derfor blir kalla «vandreruss». F.v.: Solveig Haugland, Anja Thorkelsen Kleven, Susann Haga, Kristine Tveit, Brede Grønningen Jr., Torstein Thorkildsen, Synne Eide Bjørnebøle, Mathilde Olsen og Åshild Bjørnebøle.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ikkje alle i russekullet er del av ei gruppe. For nokon er det eit bevisst val, medan andre føler seg ekskluderte.

DEL

Russegrupper blir tradisjonelt danna fordi ein ønskjer å gå saman om å kjøpa ein bil. Dei som ikkje er med i grupper blir kalla «vandreruss».

Både russestyret og dei som er med i grupper synest det er leit viss nokon kjenner seg ekskludert, men seier det er vanskeleg å få med absolutt alle:

– Uavhengig av gruppene er jo hovudmålet at vi skal ha det gøy i lag, og at dei fleste skal kjenna seg inkluderte. Men det vil alltid vera nokon som fell utanfor, dessverre, av ulike årsaker. Vi prøver å vera inkluderande og bevisste på det, men vi vil aldri klara å unngå det heilt, seier russepresident Kristian Enes.

Kvinnheringen tok ein prat med nokre av vandrerussen for å høyra kva dei tenkjer om å vera utanfor gruppene. Dei fleste seier dei har valt sjølv.

– Eg fekk tilbod om å vera med i ei gruppe, og det ville også vore den einaste aktuelle gruppa for meg. Men eg føler fleire har urealistiske ambisjonar, seier Brede Grønningen, som er ein av dei som har valt å ikkje investera i ein russebil eller -buss.

Fleire av «vandrerussen» føler at det å vera med på bil er både tidkrevjande og eit pengesluk. Dei fortel at sjølv om dei ikkje er med i ei gruppe, går det likevel mykje pengar med til russetida.

– Eg bruker vel rundt 5.000 kroner i år på russeklede, og arrangement som Landstreffet, seier Susann Haga.

Det er utanom mat og drikke.

Men sjølv om denne gjengen har valt det sjølv, meiner dei at det kan vera fleire som kjenner seg ekskluderte, som dei ikkje veit om. Då ungdommen ofte startar å planlegga russetida i første klasse på vidaregåande, og heilt fram til tida er der i tredje klasse, kan nokre fort kjenna seg utanfor, om dei ikkje er i same klasse gjennom heile skuleløpet.

– Om ein for eksempel reiser bort på utveksling i andre klasse, eller går yrkesfag og hamnar i ein heilt ny klasse siste året på påbygg, kan det kanskje vera vanskeleg å komma inn i ei gruppe, meiner «vandrerussen».

Russestyret prøver å vera bevisst på å inkludering i russefeiringa, men trur ikkje det er mogleg å få med absolutt alle.

Russestyret prøver å vera bevisst på å inkludering i russefeiringa, men trur ikkje det er mogleg å få med absolutt alle.

Vil ha meir fokus på fellesskapet

Kvinnheringen har også snakka med ein russ som kjenner seg ekskludert, og som ønskjer å vera anonym.

– Det har ikkje vore så stort fellesskap som eg hadde sett fram til. Då bror min var russ, var det mange fleire felles russekroer og arrangement som berre var for russen, og det meiner eg det er for lite av no. Hovudårsaka er alle dei ulike gruppene som har eigne vorspiel og aktivitetar. Det blir ikkje nok fokus eller god nok tid til skikkeleg planlegging av det som skal vera felles.

Vedkommande fortel at det var vondt å ikkje bli spurd om å vera med då vennegjengen laga gruppe.

– Eg har vore i den same vennegjengen i mange år, og såg jo for meg at eg skulle få vera med i gruppa. Men så blei eg ikkje spurd, og det var veldig kjipt. Eg har ikkje spurd sjølv heller, det er flaut, og endå vondare viss eg skulle få nei. Einskilde medlemer av gruppa veit at eg ønskte å vera med, men dei vågar ikkje å protestera på gruppesamansetninga overfor dei som bestemmer mest i gruppa. Samtidig er dei vel berre glade for at dei sjølve fekk vera med.

– Kva tenkjer du kunne vore gjort med dette?

– For meg hadde det jo vore best om det ikkje var grupper i det heile, men at russen gjorde alt i fellesskap i staden. Viss det skal vera grupper burde dei som er i gruppene vore meir opne for å inkludera fleire. Dei som er mange kunne jo delt seg opp i to grupper, til dømes.

Den anonyme russen synest også det er problematisk slik festkulturen er blitt:

– Eg synest ikkje noko om å festa med mindreårige. Dei er ikkje vaksne nok til å drikka alkohol. Eg vil heller festa med folk på min eigen alder, og synest russen kunne arrangert ting for seg sjølv. Det skal jo vera ei feiring av alle åra vi har gått på skule ilag, så eg ser ikkje heilt kvifor årskull under oss treng å vera med.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken