Frøken President

Årets russepresident, Marlene Engelsen (19), gler seg stort til russe-tida er i gang for fullt i mai. Men ho meiner russen av og til får ufortent mykje kritikk. – Vi er ein kjekk og oppegåande gjeng ungdommar. Berre gi oss ein sjanse!
Publisert
DEL
Årets russepresident, Marlene Engelsen (19), gler seg stort til russe-tida er i gang for fullt i mai. Men ho meiner russen av og til får ufortent mykje kritikk. – Vi er ein kjekk og oppegåande gjeng ungdommar. Berre gi oss ein sjanse!

Marlene meldte seg faktisk frivillig til å bli president, og blei seinare valt ut blant dei aktuelle kandidatane.

– Det er eigentleg ikkje typisk meg, å vera «center of attention». Men eg likar utfordringar, og å ha ansvar. Kanskje eg er litt kontrollfrik? Uansett synest eg det er kjekt å bli kjent med så mange, og eg er veldig oppteken av å vera inkluderande. Eg vil engasjera meg for at alle får ei flott russetid!

Ho fortel at ho har gledd seg til russetida lenge.

– Det er berre noko med denne feiringa, av at vi er ferdige med skulen og skal vidare. Å vera russ er eit særnorsk fenomen som eg synest er veldig stilig. Vi har jo gått lenge og sett opp til dei som var eldre enn oss og russ, og gledd oss til vi skulle gå med russeklede og dela ut russekort. No er det endeleg vår tur! Vi er eit veldig samansveisa russekull, og har det skikkeleg moro i lag.

Russetida for kvinnheradungdommen starta i haust med russetur til Danmark, før dei hadde Halloween-fest. I starten av desember serverte dei ein flott revy, med mykje originalt innhald.

– Å arrangera revy kravde mykje meir enn vi hadde trudd, men det var veldig kjekt òg.

Russen hadde også nyttårsball, og no i mars hadde dei innsamlingsaksjon for Kreftforeningen, og arrangerte i tillegg eit heilt nytt «Løp for livet» for å samla inn ekstra pengar. Marlene var aksjonssjef, og er i tillegg skulekontakt for russen og skal gi dei andre i russekullet informasjon om blant anna landstreffet. Landstreffet i Kongeparken i Stavanger 5.-7. mai er nok høgdepunktet for mange russ i Kvinnherad.

– Det gler eg meg veldig til, og eg trur alle som får sjansen skal reisa på det. Det er jo landstreff andre stader også, men det i Kongeparken er liksom det store. Då skal artistar som Martin Garrix, Karpe Diem, Tiësto og Tinie Tempah spela. Billettane blei som vanleg rivne vekk, og eg sat på Rhodos utan kodebrikke og stressa skikkeleg då dei blei lagt ut for sal. Heldigvis fekk eg tak i!

Ufortent kritikk

Men det er ikkje før i mai russen får lov til å gå med russekleda på skulen. Det er heller ikkje lov å driva med russeaktivitetar elles på skulen, som til dømes «auditions» for yngre ungdommar for å få vera med på russefestar og liknande. På slike auditions har deltakarane måtta opptre, utføra rølpete oppgåver, og «drita seg litt ut» framfor russen. Det har tidlegare ført til ein del støy, fordi nokre ungdommar opplever det som mobbing.

– Eg har høyrt om episodar i byane der det har teke heilt av og russ er blitt meldt til politiet for sjikane mot yngre ungdommar og liknande. Då er poenget vekke, for det skal jo vera moro! I år har vi derfor gjort ein heilt eigen vri, der auditionen var frivillig. Vi sa kva ungdommane skulle vera med på, så det var berre dei som verkeleg hadde lyst som blei igjen. Det fungerte fint.

Russen opplever at det er blitt veldig strengt dei siste åra, i forhold til kva dei får lov til eller ikkje. Oransjerussen, tiandeklassingar som er russ på ungdomsskulen, er fjerna. Marlene meiner at kritikken russen får ikkje alltid er heilt «fair».

– Vi kjenner nok litt på at vi blir førehandsdømde av dei vaksne, for ting tidlegare russekull har gjort. Vi har til dømes opplevd at det er eit problem å få leiga lokale til festar og liknande. Men vi er ein gjeng oppegåande ungdommar, som stort sett bare vil ha det kjekt. Og russen gjer mykje bra også! Litt tøys og tull må vera lov, meiner ho.

Marlene er sjølv med på ein russebil med seks andre jenter. Dei kallar seg «Armentum», som er latin for «flokken». Dei har kjøpt ein Caravelle som dei skal fiksa litt opp.

– Det går ein del pengar i det, eg skal ikkje leggja skjul på det. Men det er i alle fall ikkje så gale som i byane, der dei brukar mange hundre tusen kroner på russebussar! Eg synest det er litt av sjarmen med Kvinnherad, at vi har mindre bilar. Fokuset blir heilt feil viss det skal handla om pengar, og kven som har brukt mest. Russetida handlar om opplevingar, samhald og minne.

Den siste tida har det også vore mykje støy på grunn av dei grove tekstane i russelåtar som speler mykje på sex. Marlene forstår at nokon meiner det av og til går for langt, men synest det er litt blåst ut av proporsjonar.

– Russelåtar har alltid vore litt dryge, men det er ingenting av det som er meint seriøst. Det er berre for «show». Dessutan er det mykje anna musikk som også har grove tekstar, det er heilt vanleg i RnB og hiphop. Eg forstår ikkje heilt kvifor det er så mykje verre når tekstane er på norsk?

Ho meiner provokasjonar og litt rebelsk oppførsel er ein del av russe-fenomenet og det å vera ung, og at vaksne ikkje bør ta det så veldig alvorleg.

– Sjølv om vi høyrer på russelåtar betyr ikkje det at vi står for alt som blir sagt i songtekstane. Det er dessutan mykje fokus på respekt og likestilling blant russen. Jentene er komne meir på banen no enn før, og med eigne bilar og bussar har dei også eigne låtar som er litt motvekt til gutane sine. Vi har slagordet «Nei er nei» på russedressane våre, Amnesty sin kampanje mot valdtekt, så det er mykje fokus på at russetida skal vera trygg for alle.

Bergen «next»

Marlene bur på Halsnøy saman med familien. Litt av grunnen til at ho valde å gå på KVV var at ho kunne bu heime.

– Er de ein samansveisa familie?

– Ja, det vil eg seia. Det er no oss fire – meg, mamma, pappa og vesle-bror, som bur ilag på «øyo». Då eg kom heim og sa eg var blitt russepresident, sa mamma «Du tullar no?». Pappa derimot, synest det er veldig moro. Han kunne nok tenkt seg å vore russ igjen sjølv!

Når ho ikkje er på skulen er ho saman med vener, eller jobbar på Best-stasjonen og lagar «Kvinnherads beste burger».

– Vi er fleire frå kullet som jobbar der, så eg trivst veldig godt. Vi er ein liten gjeng som kosar oss på jobb.

Ho har spelt handball sidan første klasse på barneskulen, men må no gi seg med det på grunn av ein kneskade.

– Kjipt, for eg synest det er veldig moro, men eg overlever. Eg har det uansett så travelt no med skule, jobb og russetid at det kanskje var like greitt at eg slutta.

Eit anna medieomtalt tema er press og psykisk helse blant unge i dagens samfunn. Marlene innrømmer at ho også har kjent presset og vore utslitt i periodar:

– Vi skal liksom meistra alt, både skule, jobb og den sosiale biten, og sjå bra ut i tillegg. Det er ikkje rart at nokon unge slit! Eg trur ikkje det er foreldre som skapar presset heller, det er vi sjølve og tida vi lever i. Men eg føler sjølv at eg det siste året har blitt flinkare til å slappa av, og tenkja at det eg gjer er bra nok.

Til hausten skal Marlene vidare til Bergen. Ho har skaffa seg leilighet med bestevenninna, og fått studieplass på Høyskolen Kristiania der ho skal ta bachelor i hotell-leiing.

– Eg har snakka om den linja heilt sidan første klasse på vidaregåande, og eg trur det verkeleg kan passa meg. Eg synest økonomi er veldig interessant, og inni dette studiet ligg også marknadsføring og reiseliv. Draumen er å kanskje ein dag starta noko eige, og å få reisa i jobben. Eg ser ikkje for meg å bli den nye Petter Stordalen akkurat, men det hadde vore kjekt å driva noko sjølv.

Men før ho flyttar frå Kvinnherad ventar altså russetid med fleire festar og gøyale påfunn, og siste innspurt på vidaregåande.

– Eg gler meg meir og meir for kvar dag som nærmar seg mai!

Artikkeltags