Du har sikkert allereie sett dei, frisk ungdom i ikoniske raude russedressar- og bukser – eit sikkert vårteikn! Dei fleste er berre russ éin gong i livet, og sjølv om russetida offisielt starta no i slutten av april/starten av mai (det er då russen har lov til å bruka russeklede) har Kvinnheradrussen 2017 gjort mange ting saman heilt sidan det siste skuleåret deira på KVV starta i haust. Sjå glimt frå russen si "dagbok" i denne videosnutten!