Russepresident Maud Celia Tveitnes Førland heldt tale ved Husnestunet på nasjonaldagen. Dessverre var det litt trøbbel med høgtalaranlegget på staden, som gjorde at mange ikkje fekk med seg det russpresidenten sa. Etter oppmoding vel vi derfor å publisera talen her. (Red. anm.).

Kjære alle saman,

gratulerer med dagen. I dag er vi samla for å heidra det gode og trygge landet vårt, og dei som ofra livet sitt i kamp for vår fridom. I ei tid der vi har fått krigen i Ukraina tett inn på oss, er det spesielt viktig å hegna om kampen for fridom. Vi må ta godt imot dei mange som det siste året har flykta frå krig og overgrep frå den russiske okkupasjonsmakta. Fleire av desse feirar i dag for første gong 17. mai saman med oss i vårt fine og trygge Norge. Eg ønskjer våre venner frå Ukraina spesielt velkomne.

Miljøet i kommunen for oss ungdommar er nok som i mange andre norske kommunar, mange er kritiske i forhold til dei som går andre vegar enn den store flokken. Vi er superflinke til å kommentera og ha forutinntatte haldningar. Vi har alle ulike følelsar, også kva kjønn vi likar. Kvifor skal det vera eit problem for folk å stå fram som ein er? Alle er menneske, og alle fortener å bli respektert og godtatt. Det er kult å vera annleis.

I haust var eg så heldig å bli valt til russepresident for det aller finaste russekullet. I denne rolla har eg lært ekstremt mykje, alt frå organisering og samarbeid, til det å ha eit enormt ansvar. Årets russekull har hatt stort fokus på inkludering, sjølv om vi har mindre grupper i kullet. Vi reiste på danmarkstur i haust, hadde juleavslutning i lag, og ikkje minst hadde vi ein russerevy som gjekk over all forventning.

Inntektene frå russerevyen gjekk til ulike inkluderingstiltak. Vi bestilte felles gensar til alle som ynskte det i Kvinnheradrussen, vi har leigd ulike lokale for fellesarrangement, og vi leigde buss til landstreffet i Stavanger så alle som ynskte det kunne få dra i lag. I natt har vi òg leigd buss rundt om i kommunen, mellom anna for å «plaga» lærarane våre, noko som var veldig kjekt. Sjølv om vi har mindre grupper i russekullet, er vi fortsatt ei stor gruppe som har det utruleg kjekt i lag, og dette er noko eg er stolt av! Vi har også hatt ein stor innsamlingsaksjon der pengane gjekk til Kreftforeininga sin aksjon «Krafttak mot kreft». Kreft er noko som råkar svært mange, også oss unge. Dei siste 5 åra har russ i Norge samla inn nesten 200 millionar kroner til kreftsaka. Ganske imponerande, synest eg!

Ungdommen har ei sterk røyst. Vi må bruka den, bruka røysteretten, engasjera oss, og vera med på å setja dagsorden for viktige samfunnsspørsmål både lokalt og internasjonalt. Ja, det er faktisk mogleg å påverka gamlingane. Ver deg sjølv, inkludér alle, og set krav for korleis du ynskjer at ditt liv skal vera.

Eg ynskjer å avslutta denne talen med eit sitat frå vår flotte Kong Harald:

«Nordmenn er nordlendinger, trøndere, sørlendinger – og folk fra alle de andre regionene. Nordmenn har også innvandrere fra ulike land. Nordmenn er engasjerte ungdommer og livserfarne gamle. Nordmenn er enslige, skilte, barnefamilier og gamle ektepar. Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter som er glad i hverandre. Nordmenn liker Grieg og Kygo, Hellbillies og Kari Bremnes. Norge er dere, og Norge er oss».

Ha ein fortsatt fin 17. mai, og takk for meg.

Maud Celia Tveitnes Førland