Klokka 21.10 måndag kveld fekk 110-sentralen melding om røyk frå eit køyretøy inne i Halsnøytunnelen.
«– Ukjend omfang, men er ikkje meldt om store utslag på røyk i tunnelen. Tunnelen er stengt. Ikkje oppløyst om personar i tilknyting til bilen», skreiv Vest politidistrikt på Twitter/X klokka 21.19.
Ti minuttar seinare melder politiet om kontroll på staden.
«– Røyklukt i tunnel, ingen flammar. Klar sikt og ikkje store mengder røyk. To personar utanfor bilen, framstår uskadd», melder politiet 21.30.
110 Vest melder klokka 21.45 at tunnelen igjen er open.
«– Ingen brann i bilen då brannvesenet kom fram. Motorproblem var årsak til røykutviklinga. Bilen er tatt ut av tunnelen», skriv 110 Vest.