Trio sender fem lag til Norway Cup. Rosendal det same. Rosendal har òg med seg spelarar frå Uskedalen.

Eitt av rosendalslaga er J13-laget deira. Trenarane deira, Frank Søllesvik og Morten Leganger, gler seg veldig til å ta med jentene på Norway Cup.

– Totalt på laget er det 26 jenter, men det er 16 som reiser til Oslo. Det er veldig kjekke jenter som har eit godt samhald. Dei er kjempesnille og kjekke med kvarandre. Vi gler oss til å reisa, fortel trenarane tysdag.

Trenarane fortel at dei har stort fokus på det sosiale. Dei har mellom anna planlagt ein kveld på restauranten Olivia på Aker Brygge. Dei har spart opp pengar frå dugnad slik at dei kan gå ut og eta saman. I tillegg skal dei på show på rådhuset med ordføraren.

Sjuandeklassingane Ingrid Opedal Hass, Nelly Øen Klette og Anna Simone Enes gler seg veldig til Oslo-turen og fotballeventyret på Ekebergsletta. Hass og Klette har spelt fotball så lenge dei kan hugsa, medan Enes byrja for berre 2–3 år sida.

Klare for å vinna

G13-gutane til Rosendal, Henrik Falk, Oddbjørn Enæs og Yahya Mahmod Mouhamed, gler seg mest til alle kampane dei skal spela og er kjempeklare til å reisa.

– Gler meg til å vinna alle, flirer Mouhamed.

Falk og Enæs har spelt sida 1. klasse, medan Mouhamed byrja i 4. klasse.

Høge forventingar for Halsnøy jentene

Halsnøy IL har berre eitt lag med i år, J15, men klubbleiar Richard Erlandsen fortel at dei har høge forventingar til dette laget.

– Dei er veldig flinke, vi trur dei kan hevda seg litt. Dei leiar 2. divisjon i Hordaland akkurat no. Det blir spennande å sjå dei mot andre lag. Vi er mange frå Halsnøy som reiser, ikkje berre familie og vener, men også andre som vil heia på jentene, fortel Erlandsen til Kvinnheringen.