Søskenparet Sølvi og Nils Magnus imponerte stort då dei i helga opptredde saman for første gong

Hallelujah-stemning: Berge-søskena song og spelte mellom anna klassikaren Hallelujah.

Hallelujah-stemning: Berge-søskena song og spelte mellom anna klassikaren Hallelujah.

Søskenduoen Sølvi Marie (19) og Nils Magnus Berge (16) frå Borgundøy imponerte stort då dei laurdag opptredde saman for første gong.

DEL

Då bandet til Sølvi Marie ikkje klarte å samla seg grunna flytting og ferietid, spurte ho like greitt om ikkje broren heller ville vera med på scena. Og det var ingen dum idé. Begge Berge-søskena har nydelege songstemmer og eit godt grep om gitaren. Saman song og spelte dei mellom anna klassikaren Hallelujah på utescena framom samfunnshuset på Halsnøy.

Heilt fersk

Sølvi Marie har etter kvart begynt å bli erfaren på scena. Ho starta å synga og spela gitar då ho var 14, og var i vår ferdig på musikklinja på Skeisvang vidaregåande i Haugesund. Broren er derimot vesentleg ferskare. Laurdag var berre andre gong Nils Magnus stod på ei scene, første gong var for vel ein månad sidan på 10. klasse-avslutninga på Øyatun ungdomsskule.

– Det er utruleg kjekt å ha veslebror med, det er gøy å kunna opptre saman. Og så er det veldig kult at han tør, meiner Sølvi Marie.

Då ho framleis budde heime gjorde ho fleire forsøk på å lokka broren til å spela gitar slik at dei kunne spela saman, men utan hell. For eitt år sidan fann Nils Magnus sjølv ut at han ville læra seg å spela.

– Eg har litt konkurranseinstinkt, så sidan Sølvi Marie hadde lært seg å spela så fann eg ut at eg ikkje kunne gje meg før eg i det minste fekk til noko, seier han.

At det berre har gått eitt år sidan sekstenåringen tok i ein gitar første gong hadde ein aldri gjetta.

Lærerikt samarbeid

Nils Magnus synest også det er veldig kjekt å spela i lag med søstera.

– Sølvi Marie er kjempeflink, ho kan så mykje både praktisk og teoretisk om musikk. Når vi øver saman gir ho mange gode tips og triks, så eg lærer mykje av ho, skryt han.

Sekstenåringen trivst med den nye hobbyen, men vil berre ha den på si. Til hausten skal han begynna på tip på Kvinnherad vidaregåande. Sølvi Marie har derimot eit ønske om å fortsetta utdanninga innan musikk.

– Eg har lyst til å gå master i musikkterapi. Men først vil eg ha pause eit år for å reisa og oppleva litt.


Artikkeltags