Inviterer til hamnedag med sankthansfeiring på Sæbøvik

Arrangørane av den nye hamnedagen i Sæbøvik håpar på mykje liv og røre på kaien ved Halsnøy Samfunnshus på sankthansaftan laurdag 23. juni. Her frå Sæbøvikfestivalen i 2014. (Arkivfoto).

Arrangørane av den nye hamnedagen i Sæbøvik håpar på mykje liv og røre på kaien ved Halsnøy Samfunnshus på sankthansaftan laurdag 23. juni. Her frå Sæbøvikfestivalen i 2014. (Arkivfoto).

Laurdag 23. juni inviterer Halsnøy Samfunnshus familiar til hamnedag på dagtid, og felles sankthansfeiring på kveldstid i Sæbøvik sentrum.

DEL

Det er mange år sidan det blei arrangert felles sankthansfeiring på Halsnøy, og det er noko mange har sakna. Halsnøy samfunnshus er alltid på jakt etter inntektsbringane aktivitetar, og derfor tok styreleiar i samfunnshuset Emma-Kristin R. Reigstad og styremedlem Wenche Trovik Tofte, tak i ideen med å arrangera felles feiring.

– Sjølv har eg og mannen min Roger hatt tradisjon for å samla ein gjeng på rundt 30 til feiring heime hos oss, men etter kvart som ungane blei eldre ønskte vi noko meir. Roger hugsar kor kjekt det var med felles feiring på Sæbøvik då han var barn, og derfor engasjerte eg meg i dette. Mange har ønskt ein hamnedag og sankthansfeiring, og derfor slo vi desse to ilag. Det blir kjekke aktivitetar for heile familien både på dagtid og kveldstid, samtidig som vi håpar å få inn litt pengar til drifta av samfunnshuset, forklarer Reigstad.

Innhaldsrikt program

På dagtid blir det torgsal av kortreist mat i ulike matbuer, frå blant anna lokale fiskarar, Friheim Gardsmat, Mykle Mikrobryggeri og bakstedamer. Det er ikkje smaksprøvar det er snakk om – her kan folk eta seg gode og mette. Det blir også lykkehjul og fiskedam for dei minste, loddsal med fine premiar og besøk av Gerhard Eide si Colin-Archer-skøyte «Skirnir» og andre fine båtar. Arrangørane har håp om å få med litt kystkultur på hamnedagen. I tillegg blir det volleyball-cup på sandbanen ved samfunnshuset. Her kan folk melda på lag til det er fullt, og det blir flott premie til vinnarlaget.

På ettermiddagen blir det ein liten pause for å rigga om på plassen, før det blir sankthansfeiring for heile familien.

– Det hadde vore fantastisk viss vi får det vêret vi har hatt i mai, men det som er synd då er at vi kanskje ikkje kan brenna bål, seier Reigstad.

Det vil bli «Farmen»-leikar, sal av grillmat og underhaldningsshow der alle frå øya, både ungar og vaksne, kan få opptre på ei scene med musikk-, song- eller danseinnslag. Her må dei som vil opptre melda seg på. På kvelden blir det dans i samfunnshuset med live musikk.

– Vi har fått litt sponsorar, som hjelper veldig godt på økonomien. Vi håpar mange familiar tar turen denne laurdagen, for vi har trua på at det blir ei kjempekjekk feiring! Bubilparkeringa er allereie fullbooka, men vi håpar vi klarar å laga plass til fleire, og at mange i tillegg tar turen med båt.

Artikkeltags