Etterlyser vegutviding på Sæbøvik

Dette krysset, like ovanfor Halsnøytunet, ventar stadig på utbetring og utviding.

Dette krysset, like ovanfor Halsnøytunet, ventar stadig på utbetring og utviding. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I ein e-post til kommunen, etterlyser ein grunneigar i Dubbedalen kva tid Heiavegen skal utvidast i den nedste delen som munnar ut i hovudvegen like ovanfor Halsnøytunet. Grunneigaren på oppsida av denne vegstubben viser til at det no er rundt tre år sidan kommunen kontakta han med spørsmål om grunnavståing. Sidan byggjeaktiviteten i Heio (Halsnøy Panorama og «Nygårdshøyden») aukar på, aukar også trafikken på Heiavegen.

Kvinnheringen har spurt einingsleiar for prosjekt og utbygging i Kvinnherad kommune, Anne Guri Kildal, om korleis saka står. Kildal svarar at prosjekteringa dessverre ikkje er komen i gang, mellom anna vart den lagd på is medan ein venta på rapporten om grunnforholda i Toftebrekka.

– Denne vegutvidinga står på lista vår, men eg tør ikkje seia kva tid prosjekteringa kjem i gang fordi vi har veldig mange prosjekt gåande for tida, seier Kildal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags