Såg fram til ein spennande politisk periode – så fekk han beskjeden som sette det meste på vent

Ved lokalvalet i haust blei han vist stor tillit av veljarane, og hoppa frå 12. til 6.-plass på Høgre si liste. Kyrkjeverje Erling Niclasen gledde seg veldig til å ta fatt på ein ny og spennande periode. Så fekk han beskjeden av legen som sette det meste på vent.