Skal gjera fleire søk etter amerikanaren

Politiet har endå ikkje funne Marvin Lee Judy Jr., mannen til venstre på bildet.

Politiet har endå ikkje funne Marvin Lee Judy Jr., mannen til venstre på bildet.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Den amerikanske turisten Marvin Lee Judy Jr. er framleis sakna, trass i at politiet har gjort mange søk etter han i Rosendalsområdet der dei trur han gjekk på tur laurdag 26. august. Politiet har snakka med ein person som høyrte ting i området, men det er ikkje bekrefta i kva tidsrom. Søndag søkte privatpersonar med drone oppunder Malmangernuten.

– Vi har gjennomført ganske mange søk i området mot nuten og i Hattebergsvassdraga, utan å finna noko konkret. Men vi har fleire tiltak vi skal gjennom denne og neste veke før vi eventuelt må gi oss i leitinga. Vi vurderer nye søk med helikopter, å setja ut mannskap med ettersøkshundar, og det er også andre geografiske område i Rosendal vi vil sjå på. Alt er ikkje gjennomsøkt, seier politioverbetjent Sigurd Børve til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags