Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Konfirmantar, frivillige og tilsette i kyrkjelydar over heile landet er no i gang med å gjera ein forskjell, gjennom Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon som føregår frå 26. til 28. mars.
Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». For eit håp kan faktisk byrje med ein drope vatn! Vatn kan endra eit liv, ein landsby og eit land.
I vår kommune vil Fasteaksjonen bli gjennomført i løpet av denne veka, nokre stadar ved bøsseinnsamling, andre stadar digitalt. Ved å vippsa til 2426 er du med og støttar Fasteaksjonen, og beløpet du gjev blir automatisk registrert på det soknet du bur i, og inngår i det innsamla resultatet for konfirmantane i soknet.
Tilgang til reint vatn gjev positive ringverknader. Vassborne sjukdomar blir reduserte, og reint vatn fører til betre helse. Vasstilgang gjev også bøndene moglegheit til å effektivisera jordbruket. Smarte dryppsystem gjev moglegheiter for tredobling av inntektene, og gjer også bøndene betre rusta mot klimaendringar. Det er håp i ein drope vatn!
Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet ein treng for å forandra liv på sikt, men også moglegheit til å redda liv i akutte kriser og katastrofar. Takk vere innsamla midlar frå mellom anna fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt nødhjelp til flyktningar då krigen braut ut i Ukraina for over eit år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Skular, kyrkjer og moskear gjev husly til mange huslause. Samarbeid med lokale partnarar gjer rask respons morgleg, når kriser og katastrofar inntreff.
Dugnadsånda og gjevargleda som kjem til syne gjennom Fasteaksjonen bidreg til å skapa håp og forandring verda over. Saman gjer vi ein forskjell!
Åse Selsvold
Sokneprest i Husnes og Holmedal sokn