Samde om samarbeid

Peder Sjo Slettebø (t.v.) og Hans Inge Myrvold fotograferte i kommunestyresalen tysdag kveld. I bakgrunnen sit Gunnar Våge (Sp), Øyvind Lernes (H), Hans Petter Jacobsen (Sp), Otto Benjaminson (KrF) og Leif Sverre Enes (H). Då Kvinnheringen var innom hadde Venstre sine representantar gått. Men dei som deltok i dei innleiande forhandlingane var Kent Are Kjørsvik Petterson, Marianne Lund Anderssen og Synnøve Handeland.

Peder Sjo Slettebø (t.v.) og Hans Inge Myrvold fotograferte i kommunestyresalen tysdag kveld. I bakgrunnen sit Gunnar Våge (Sp), Øyvind Lernes (H), Hans Petter Jacobsen (Sp), Otto Benjaminson (KrF) og Leif Sverre Enes (H). Då Kvinnheringen var innom hadde Venstre sine representantar gått. Men dei som deltok i dei innleiande forhandlingane var Kent Are Kjørsvik Petterson, Marianne Lund Anderssen og Synnøve Handeland. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Tysdag kveld vart Høgre, Senterpartiet, KrF og Venstre samde om å arbeida ut ein samarbeidsavtale i dagane framover. Det som er klart er at Peder Sjo Slettebø (H) blir ordførar og Hans Inge Myrvold (Sp) varaordførar.

DEL

Samtalane starta i 15-tida og ifølgje Slettebø vart det raskt semje om å jobba for ein koalisjon med H, Sp, KrF og V.

– Vi ønskjer å koma i land med ein koalisjon med KrF og Venstre, seier Slettebø og Myrvold.

Drøftingane vil halda fram gjennom epostkorrespondanse onsdag og vidare framover.

– Kva om forhandlingane ikkje fører fram? Er det ein plan B?

– No har H og Sp fleirtal saman, men me ønskjer å koma i land med ein brei koalisjon – me held oss til plan A, seier Slettebø.

Dei fire partia vil ha 21 av 35 representantar i det nye kommunestyret.

Slettebø og Myrvold ønskjer elles meir samarbeid i lokalpolitikken:

– Me vil vera rausare med opposisjonen enn det me har opplevd i opposisjon, seier dei to. Det er viktig å få ein politikk for heile kommunen.