– Kutt i snøggbåtrutene er ikkje akseptabelt

Artikkelen er over 1 år gammel

Synnøve Solbakken (Ap) og Benthe Bondhus (Sp) sit i fylkesutvalet og er klare på at kutt i snøggbåtrutene ikkje er avgjort, men må diskuterast. Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) seier det er heilt uakseptabelt å kutta ruter til og frå Kvinnherad.

DEL

Tidlegare ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken (Ap), sit i samferdselsutvalet i fylkestinget og er i desse dagar med i diskusjonar om budsjettet. Solbakken fortel at budsjettet akkurat er lagt fram, og at det er eit forslag frå fylkesrådmannen som ligg føre.

– No skal det til politisk behandling før budsjettet for 2019 blir vedteke i desembertinget. Det er ingenting som er avgjort, seier Solbakken.

Politikaren forklarer at det er talet på reisande som gjer at dette forslaget har komme på bordet, og at fylkeskommunen har fått ein betrakteleg reduksjon i samferdselsmidlar. Sjølv seier ho at ho forstår at dei som bur ute i distriktet er avhengige av gode kommunikasjonar.

– Vil du gjera noko med dette?

– Vi er mange i fylkesutvalet som skal vera med å diskutera dette. Det positive er at det ikkje er nokon reduksjon i ferjeavgangar i rådmannen sitt budsjett, svarer Solbakken.

Vil berga det som kan bergast

Benthe Bondhus (Sp) er ein annan Kvinnherad-politikar i fylkesutvalet, som også skal vera med i budsjettprosessen fram mot desember.

– Det er denne type forslag vi må inn å sjå på, då vi veit det vil få store konsekvensar, seier Bondhus, som til liks med Solbakken strekar under at det ikkje er noko som er fastslått enno.

Personleg meiner Bondhus at dette forslaget vil gi store konsekvensar for området, sjølv om det er ein liten prosent det vil råka.

– Difor er det viktig at vi har med folk i politikken som kjenner distriktet. Eg tenker sjølvsagt litt med «distriktshovudet» mitt i denne type saker, men det er òg viktig å tenka på byen. Vi har store utfordringar i både Bergen og distrikts-Hordaland. Men vi skal prøva å berga det som bergast kan, sluttar Bondhus.

– Ikkje akseptabelt

Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) har ein litt anna tone når han får høyra om budsjettforslaget.

– Opplysningane om kutt i rutene er ikkje akseptabelt. Fjelberg har i utgangspunktet eit dårleg tilbod, og vi jobbar med at ferjetilbodet ikkje skal bli dårlegare frå 2020, seier Slettebø, som meiner det er heilt klart at det ikkje kan bli kutta i snøggbåtruta.

Han peikar også på at dette viser at fylkeskommunen må ha interesse av å byggja eit fjelbergsamband.

– Vi har sagt at vi ikkje vil godta kutt til og frå Kvinnherad. Vi har eit minimum, og må kjempa for å oppretthalda rutene. Her må politikarane i Kvinnherad jobba opp mot sine respektive parti, seier Slettebø.

Men ordføraren legg til at han gler seg over at det ikkje er føreslege kutt i ferjerutene i samferdselsbudsjettet.

Artikkeltags