Norled har send ut melding om at Sunnhordlandsruta er innstilt i morgon, på grunn av det varsla uveret som er venta ut over dagen andre juledag. Ingen av ANorled sine båtar vil gå i Sunnhordland.

Statens vegvesen oppmodar bilistar og andre om å ikkje køyra langs vegane i morgon. I tillegg til storm er det venta kraftig springflo.

Samstundes oppmodar forsikringsselskap om at folk ryddar ute rundt husa sine og sjekkar at saker og ting er godt sikra.

Norled har ikkje sagt noko om ferjerutene, og enn så lenge må ein håpa ferjene vil gå i morgon. Rødne har heller ikkje meld frå noko om båten som går mellom Rosendal og Bergen, så enn så lenge kan ein rekna med at den går.