– Lite engasjerer meir enn ferjekaiar

(Illustrasjonsfoto: Jonn Karl Sætre).

(Illustrasjonsfoto: Jonn Karl Sætre).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LEIAR: 

Samferdsle engasjerer, faktisk meir enn det vi har trudd. Kvinnheringen gjennomførte i veke 22 ei meiningsmåling med spørsmål om ein i framtida vil ha ferja frå Sunde eller Ranavik. Eit stort fleirtal seier Sunde.

Denne veka skulle vi illustrera saka med eit bilde frå Sunde. Om det var det rette, er vi per i dag litt usikre på. Kommentarfeltet til Kvinnheringen på Facebook vart mildt sagt pepra. Privatpersonar og politikarar kommenterte på ulikt vis. Påstandane var forskjellige, og ord som propaganda, møkkaavis og partisk var nokre av dei brukte.

Når det gjeld det med meiningsmåling, så meiner vi det er interessant å sjå kva folk tenkjer her i kommunen. Det er aldri gjennomført ei meiningsmåling om denne saka, og det å vita kva folk flest meiner er interessant. Når det er sagt, så betyr ikkje det noko når kommunen til slutt skal ta stilling til spørsmålet ein gong til neste år. Dei har då fakta i botnen når dei skal ta valet sitt.

Kva skal dei velja, den raskaste og billegaste strekninga? Då er Ranavik naturleg. Ser vi mot Bergen, og at dei i fastlands-Kvinnherad skal køyra bil kortast mogleg, er Sunde naturleg. Kvinnheringen har aldri flagga eit standpunkt i saka, det er rett og slett fordi vi ikkje har noko standpunkt. Vi synest det er vanskeleg å velja, og difor er det veldig bra det som skjer no, at ein prøver å samla fakta som ein kan fatta eit vedtak rundt. Uansett kva vi måtte meina, er tipset vårt at politikarane til slutt må velja mellom to alternativ: Sunde–Jektevik, eller som i dag Ranavik–Skjersholmane. Basert på kva som skjer på Stord, kan vi ikkje forstå at det nokosinne vil bli bygd ny ferjekai der.

Det er truleg meir sannsynleg å få etablert Kvifast, forresten eit veldig spennande prosjekt, enn at det vert bygd ein ny ferjekai på Stord.

Artikkeltags