– Feil i silingsrapporten som konkluderer med at Sævarhagsvikjo er best

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR:Etter å ha lese rapporten sit me att med ei kjensle av at det har gått vel fort i svingane for å få fram denne konklusjonen. Nokre av vurderingane byggjer på eit tynt grunnlag og baserer seg mykje på den gamle utgreiinga frå 2002/2008. Det har skjedd ganske mykje på desse åra som gjer at me tenkjer på ein ny måte med omsyn til miljø, til dømes.

Konsulenten rankar på side 4 i rapporten dei aktuelle plasseringane av ferjestøet og brukar ein poengskala frå 0 til 4, der 4 er beste score (dvs. beste måloppnåing for det som vert vurdert). Denne metoden er vanleg og velkjent, men det er gjeve klare sentrale føringar for korleis denne metoden skal nyttast, med krav til spesifisering før prosjektet/utgreiinga vert igangsett. Det er òg krav om sterk dokumentasjon for dei nytta karakterane i etterkant. I føringane vert det presisert at det beste alternativet i kvart delmål alltid skal ha høgaste karakteren 4, og andre alternativ får karakter 0 til 3 i høve til dette. Dette skal gjerast for å få eit best mogeleg grunnlag for vurderinga, sjølv om det beste alternativet kanskje ikkje er ideelt. Denne metoden er ikkje nytta i denne silingsrapporten! Det har fått oss til å undrast om resultatet kan vera noko tilpassa. Det er òg registrert at same ordlyd er nytta i fleire delmål, noko som fører til at dei positive forholda får dobbel effekt for alternativ K2 - Sævarhagsvikjo.

Me har sett opp ein ny tabell der me har nytta mykje av konsulenten si vurdering, men karaktersettinga er gjort etter ein meir anerkjent metode. (sjå vedlegget).

Ut frå denne anbefalte metoden er Sævarhagsvikjo slett ikkje det føretrekte alternativet til plassering av nytt ferjestø. Det einaste parameteret kor Sævarhagsvikjo skorar høgast er kortaste reisetid med ferja. Det ville vera synd og skam å setja i gang eit så dyrt og omdiskutert prosjekt basert på feil grunnlag.

På vegne av RBL og aksjonsgruppa bed me dei politiske partia om å sørga for at feilen vert retta opp og rapporten kvalitetssikra.

For styret i Rommetveit Båtlag og aksjonsgruppa «Nei til ferjestø i Sævarhagsvikjo»                                                                                                                                    

Stein Stendahl,

styremedlem/aksjonsleiar

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags