«For svært mange bedrifter i Kvinnherad vil effektiv samferdsle til sentrale strøk vera avgjerande for å overleva»

Av
DEL

MEININGAREg vil påstå at næringsutvikling og tilgang til utdanning er det viktigaste for Kvinnherad si framtid. Viss det er på plass, vil kommunen blir meir attraktiv for fleire unge arbeidsdyktige. Dette igjen vil gje betre økonomi til alle nødvendige tenester. Nøkkelen for å lukkast er god kommunikasjon ut- og inn av Kvinnherad.

Snøggbåt

Forutan ei framtidig ferjerute Sunde–Jektevik, og seinare bru, treng vi betre snøggbåtruter. Vi må kjempa for å få to ruter; ei Rosendal–Tysnes–Os og ei Sunde/Husnes–Tysnes–Os.

Når vegen Os–Rådalen står klar i 2022, er det mogleg å reise mellom Kvinnherad–Bergen og Kvinnherad–Flesland innan ca. éin time. Då med snøggbåt til Os og buss vidare frå Os til Bergen/Flesland.

Med éin time reiseveg er det mogleg å dagpendla. Studentar frå Kvinnherad og Tysnes kan reisa på ungdomsbillett for berre kr 360 i månaden (Ap vil elles auka aldersgrensa frå 16-20 år til 16-23 år om dei får fleirtal i fylket). Med kortare reisetid og nesten gratis reise, vert den praktiske og økonomiske terskelen for ungdom å utdanna seg svært lav.

Når reisetida er korta ned, kan det vera eit reelt alternativ å dagpendla og tena gode pengar i meir sentrale strøk, for så å kunna bu rimeleg og godt i Kvinnherad/Tysnes. Skattekronene vil komma godt med i kommunane. Det kan også vera mogleg å pendla den andre vegen og tilby kompetanse som Kvinnherad/Tysnes treng.

For svært mange bedrifter i Kvinnherad vil effektiv samferdsle til sentrale strøk vera avgjerande for å overleva og for å kunna utvida marknaden. I dag går mesteparten av dagen vekk i reisetid, og det er tungvint for kundar å besøka bedriftene. Reisetid er sjølvsagt også viktig for reisande kvinnheringar og besøkande elles. For mange sjuke Kvinnheringar vil det vera eit kjærkome tilbod å kunne reisa til og frå Haukeland sjukehus innan ein times tid.

Nye reisevanar

Det nye ferjesystemet vil legga opp til at ein berre betalar for bilen – passasjerar reiser gratis. Med gratis ferjer, rimelege offentlege bussar og eit meir miljøfokus, vil reisevanane våre endra seg. Det er difor nødvendig å sjå på ferjer, snøggbåt og bussar på ein heilt ny måte.

Kvinnherad bør snarast gå saman med Tysnes og forhandla fram gode avtalar når nytt snøggbåtanbod skal på plass i 2023. I tillegg må gode korrespondansar og nok avgangar for bussar og båtar prioriterast, både internt og vidare ut- og inn av kommunen. Den offentlege kommunikasjonen er langt frå god nok slik det er i dag.

Vestland fylke

Kommunen vår kan lett bli ein endå meir utkantkommune i eit større fylke om vi ikkje greier å betra samferdsla inn- og ut av kommunen. Det er det nye Vestland fylke som vil ha ansvaret for det i vårt område, og nokon må gje gode innspel frå Kvinnherad. Det er difor viktig at ein bruker fylkeslista og set eit kryss ved ein kvinnhering som bryr seg om samferdsle!

Gretha Rød

Listekandidat (heilt sist) for Vestland Arbeidarparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags