«Halsnøysambandet utan meir bompengar?»

Av
DEL

MEININGAR

Les at ordføraren er bekymra for altfor lite innbetalte bompengar i tilhøve til planlagt nedbetalingsplan for Halsnøysambandet. Dette har vore ei kjent utfordring over fleire år og kan vel ikkje vera noko overraskande sak for ordføraren. Han har vel sjølv sete i generalforsamlinga for selskapet fram til regjeringa avvikla selskapet og samla alt i eit selskap (Ferde). I tillegg har varaordføraren vore styreleiar.

Synest det er svært positivt at ordføraren tek tak i dette no. Trur at forslaget der fylket løyser inn resterande pengebeløp kan vera vanskeleg å få til, utifrå at det er stortinget og regjeringa som har vedteke gratis passering for miljøkøyretøy, som har gitt sviktande inntekter og auka nedbetalingstid. Kan ikkje sjå at fylket eller kommunen har noko ansvar her. (Er vel også kanskje litt frekt å be fylkeskommunen om hjelp, all den tid me ber om støtte til nye bompengeavtalar).

Slik eg ser saka oppmodar eg om ei enkel løysing med følgjande forslag:

Ordføraren i lag med Frp sin leiar skriv brev til eiga regjering, eller ber om eit møte med Statsministeren, samferdsleministeren og kanskje finansministeren, der ein ber om at restgjelda blir stroken. Dette utifrå følgjande argument: Frp har no i mange år lova å fjerna bompengane. No sist på landsmøtet deira denne helga. Partiet bør no bevisa at dei står ved lovnaden sin, ved å stryka restskulda for Halsnøysambandet. Dei vil då kanskje kunna retta opp att litt av tilliten til veljarane sine. Håpar dette går vegen for oss kvinnheringar.

Øyvind A. Hardeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags