Det vakte sterke reaksjonar hos både privatfolk og næringsdrivande i denne delen av Kvinnherad då fylkesrådmannen tidlegare i sommar føreslo ei dramatisk endring i transporttilbodet mellom Rosendal og Åkra, for å finansiera to nye kveldsruter frå Husnes til Skarveland og ei ny morgonrute frå Rosendal til Sunde.

– Etter ein grundig gjennomgang av det totale rutetilbodet i Kvinnherad, er det vurdert slik at desse nye tilboda best kan finansierast ved ein reduksjon i avgangar, og erstatte dagens kombibuss på linje 766 Rosendal-Matre-Åkra, skriv fylkesrådmannen i saksutgreiinga til politikarane i Samferdsleutvalet.

Dei nye endringane kjem i samband med at eit nytt konkurransegrunnlag for nye bussanbod i Hardanger og Voss er lagt ut på Doffin.no.

Då saka var oppe som orienteringssak i Samferdsleutvalet i juni, bad politikarane om at det vart laga ei eiga sak om endringane i kollektivtilbodet på linje 766 Rosendal-Matre-Åkra.

Saka er no ferdig og skal opp til handsaming i morgon (onsdag). Men fylkesrådmannen har ikkje endra syn på saka.

– Fylkesrådmannen rår til at ein gjennomfører dei planlagde omprioriteringane i rutetilbodet i Kvinnherad, slik dei ligg i konkurransegrunnlaget, heiter det i saksutgreiinga frå fylkesrådmannen.

Han oppmodar til å finna løysingar lokalt, slik at andre aktørar kan ta hand om varetransporten til Åkra og Matre.

Vert forslaget vedteke, vil godstransporttilbode bli heilt borte. Det vil bli eit busstilbod tur/retur Rosendal-Matre-Åkra på fredagar.

Nytt forslag

Øyvind Hardeland (Ap) som er medlem av Samferdslekomiteen, vil ikkje godta forslaget frå fylkesrådmannen.

– Eg kjem til å setja fram eit forslag om at dagens gods- og busstilbod på denne linja vert vidareført som i dag, seier Hardeland dagen før møte i utvalet.

Han har snakka med representantane frå KrF, Sp og SV som alle vil støtta forslaget hans. Men det er ikkje nok. Det er Venstre, Høgre og FrP som sit med fleirtalet i utvalet.

Kvinnheringen tok kontakt med Høgre sin ordførarkandidat, Peder Sjo Slettebø, som set i Fylkestinget. Høgre har flagga at dei ønskjer levande bygder. Då vi konfronterer Sjo Slettebø med innstillinga frå fylkesrådmannen, lovar han å engasjera seg i saka.

– Det er skuffande at fylkesrådmannen kjem med den same innstillinga. Men no skal eg ta kontakt med Høgre sine representantar i utvalet, lovar Sjo Slettebø.

Både Per Åge Lyngnes som driv daglegvarehandel i Matre, og Tørris J. Waagen som driv daglegvarehandel i Åkra, fryktar at det kan bli kroken på butikkdøra dersom godstransporttilbodet forsvinn.