Om bompengar, austevollingar, halsnøybuar og litt til

Håkon Røstbø om samferdsle og bompengar. (Foto: Mona Grønningen).

Håkon Røstbø om samferdsle og bompengar. (Foto: Mona Grønningen).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Samferdsle «Livet har aldri vært rettferdig», syng Reidar Brendeland. Sant nok. Og ikkje meir rettferdig blir det med bompengar overalt heller. Same sum for fattig og rik.

I desse dagar vert planen for bompengeringen i Kvinnherad spikra. Du slepp ikkje unna same kor du skal inn og ut av kommunen. Men skal ein få gjort noko med vegstandarden på hovudvegane våre, er det vel ikkje anna råd. Dette skulle jo Frp få slutt på då dei kom i regjering. Og me vart vel ikkje mindre optimistiske då den lokale Frp-leiaren vart styreleiar i bompengeselskapet for Halsnøysambandet og fekk seg jobb i Oslo. Han kunne tatt ein preik med partikollegaen sin, samferdselsminister Ketil Solvik Olsen, og fått sletta bompengelånet. Ferdig arbeid og gratis tunell. Litt for godt til å vera sant, kanskje. Det var nokre få bompengelån som vart sletta då Frp fekk ministerposten, mest som symbolpolitikk sidan dei nærmast hadde lova å fjerna alle bomstasjonar viss dei kom i regjering.

Les også: – Denne ferja er den godt gøymde perla

Bompengar inn og ut av kommunen er ein ting, verre er det med bompengar internt, slik Halsnøysambandet vert finansiert. Ein konstant utgiftspost for folk, næringsliv og kommune og bremsekloss for livsutfalding og samhandling. Ved at det store fleirtalet av reisande vert tvinga gjennom bomstasjonen på Tofte for å reisa inn og ut av kommunen, vert det slik òg kravd inn bompengar eksternt. Det kunne det vore aksept for dersom ein betalte for eit betre og kortare samband. Slik er det som me veit ikkje. I det såkalla «nytteprinsippet» som EU sitt overvakingsorgan ESA legg til grunn for bompengesamband heiter det som hovudregel: Alle som har nytte av eit bompengesamband skal betala, og alle som betalar skal ha nytte av sambandet. Det kan vel knapt seiast å vera tilfelle for dette sambandet. Reaksjonen såg ein straks. Trafikken mellom Kvinnherad og Stord, det den gong største sambandet i kommunen, datt som ein stein, medan sambandet over fjorden i nord auka markant og er no det klart største. Ei utvikling som berre har auka på i etterkant. No er det forhåpentlegvis berre vel fem år igjen med bompengar, dersom det då ikkje vert mange fleire genuint miljøbevisste halsnøybuar som passerer gratis gjennom bomstasjonen.

Måtte tunellen finansierast på denne måten? Var det dette valet av trasè Kvinnherad–Stord som var best for flest innbyggjarar, kommune og næringsliv, særleg på denne sida av fjorden?

Nokre av oss prøvde å visa til korleis Austevoll skulle finansiera Austevollsbrua som bind saman øykommunen. Dei fekk gjennomslag for både førehands- og 15 år med etterhandsbompengar i ferjesambanda i begge endar av kommunen for å finansiera eit internt samband. I tillegg gav dei frå seg ferje nr. to mellom Hufthamar og Krokeide for å få utbetalt ferjeavløysingsmidlar. Slik fekk dei ordna det slik at internsambandet Austevollsbrua vart gratis å køyra frå dag ein. Og austevollingane kunne glisa tilfreds kvar gong dei køyrde over brua. Etter kort tid vart trafikken for stor for ei ferje og ferje nr. to måtte på plass igjen, betalt med fylkesmidlar frå meg og deg.

Les også: Kvinnherad–Stord-sambandet: Fryktar H, Sp og KrF

Kunne det vore lagt bompengar på til dømes ferjesambanda Utåker–Skånevik og Ranavik–Skjersholmane eller Sunde–Jektavik? Sistnemnde var heilt klart folket, næringslivet og ikkje minst transportnæringa sitt ønske. Slik kunne Halsnøytunellen vore gratis frå dag ein. Kva hadde tent folket, kommunane og næringslivet best? Innbyggjarinitiativ med over 3000 underskrifter for Sunde–Jektavik var nyttelaust. Austevollsmodellen måtte for all del ikkje adopterast. Til finansiering gjekk ein til og med inn for å leggja ned snøggbåten på Sunde til fordel for Ranavik. Som om det ikkje var nok at Herøysundruta var nedlagt. Snøggbåtkaien på Sunde vart etter mediefokus heldigvis ikkje nedlagt, og takk og pris for det.

På sikt må brusamband over fjorden med Sunnhordlandsdiagonalen som bindeledd på arm E134 og E39 Hordfast til Bergen vera målet. Det må pressast på politisk for KVU for arm E134 til Bergen. Kan det vera fleirtal for dette i Stortinget no? Magne Rommetveit og Liv Kari Eskeland om de les dette, de har ein jobb å gjera!

I desse dagar pågår eit interkommunalt arbeid for å korta ned reisetida mellom regionsentera Leirvik og Husnes. Ei rask ferje Sunde–Jektavik vil vera mykje meir tenleg enn dagens tragiske samband. Det ryktast at Sævarhagsvikjo er halt opp att frå sylinderarkivet. Når Hordfast opnar skal det halda hardt om me får behalda snøggbåtane til Bergen. I det perspektivet, og dersom ferjestø i Sævarhagsvikjo mot alle odds skulle bli realisert, opnar det for ei rask ferje (20 knop) mellom Sunde og Sævarhagsvikjo som også erstattar snøggbåtane Sunde–Ranavik–Leirvik. Med 20 min. overfartstid vil me oppnå ei reisetid mellom Husnes og Leirvik på 30 min. mot 42–43 min. over Halsnøy og ferje Klosterneset–Sævarhagsvikjo.

Les også: Studentane sitt krav til politikarane: – Noko må skje, og det kvikt!

Då er på ein måte ringen slutta for min del. I 2003 etablerte Arne Hauge, Viggo Agdestein, Ståle Stoknes og underteikna, pådrivarorganisasjonen «Effektiv kommunikasjon Kvinnherad–Stord» med mål om å oppretta eit hurtigferjesamband mellom Sunde og Leirvik med 25 min. overfartstid. Det klarte me ikkje. Heller ikkje ferje Sunde–Jektavik – så langt.

Jaja. Ei pil peikar iallfall oppover i Kvinnherad og her er eg sjølv ein god bidragsytar. Nemleg forgubbing. Det kan ingen ta frå oss – eller kan nokon det?

Håkon Røstbø

Samferdsleentusiast og tidlegare Ap-politikar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags