– Denne ferja er den godt gøymde perla

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Rapport frå ei perfekt ferjereise.

DEL

SamferdsleEg sit på ferja Sydnes-Utbjoa, den beste i heile fylket i mange år, for de som ikkje kjenner den. OK, BT kåra vel her forleden Utåker-Skånevik til den beste ferjeturen, og den er bra den, men Sydnes-ferja er den godt gøymte perla. Her er eg kvar gong eg skal til Haugesund.

Kvifor er dette den beste? Vel, den er koseleg, skjermane som viser «Fjelbergsundet minutt for minutt» er strålande. Ein liten kiosk med det rette utvalet og alltid nysteikte vafler. Så lenge eg kan hugsa har den vore styrt av berre tre suverent koselege folk, Arve, Grethe og Stefka. Og resten av mannskapet er solide og vennlege, slik alle ferjemannskap er.

40 minutt seglingstid, så ein har tid til å kopla av, eller til å jobba litt. Og ikkje 40 bortkasta omveg ubrukelege minutt, men 40 minutt i mest rak linje som gjev kortaste veg frå Kvinnherad til Haugesund. Eg må alltid tilbake hit for å hugsa at fjordane er jo eigentleg skapt for at vi skal kryssa dei i ferje – eit prinsipp gjeve à priori i fornufta, som Knut Inge sa ein gong til dei forvirra medelevane våre på folkehøgskule i 1993. Og så sette på «Ferjekai»-skiva med Ragnar Hovland og Atle Hansen (den ligg diverre ikkje på Spotify).

Eg trur folk blir sure av å ta den andre ferja frå Halsnøy. Du får to lange omvegar – først på land, så på sjøen. Då vert det umogleg å kosa seg om bord på ferja, og ferjeturen ber preg av det. Dill gjorde eit tappert forsøk på servering, men det kunne umogleg gå.

Det går kanskje i retning av at færre og færre fjordar vert å kryssa i ferje. Men i lang tid kjem vi kvinnheringar til å vera eit ferjefolk. Vi må få attende dei gode ferjeturane på det viktigaste sambandet. Vert dette korta ned – til lands og til vanns – så kan vi ha ein koseleg ferjetur til Huglo på under 20 min, med servering og trivsel – det går an på dei korte turane òg, sjå berre på Hatvik-Venjaneset.

I mellomtida ser Norled/Skyss ut til å anstrenga seg år for år for å setja dei maksimalt heslege ferjene dei kan finna på det andre sambandet, det som midlertidig går frå Halsnøy. At det har vore gamle og upålitelege ferjer, er ein ting. Men når det kjem gamle, store ferjer som er nesten utan folk, ferjer som var koselege den gong dei tøffa rundt på Møre-kysten og det aula med folk i ein stor kafé. No virkar dei som spøkelsesskip som har forvirra seg ut på Saragassohavet, der dei stampar rundt i Sunnhordlandsbassenget og virkar som dei aldri kjem fram.

Nei, eg trur denne ferjeturen, ved sida av å gå mellom håplause plassar, er så heimsøkt av alle desse håplause åra, at det er ikkje von om at den kan bli bra. Vi må få på plass ein ny.

Gaute Lund

Ferjereisar

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags