Ordføraren om vegen vidare

__
Publisert

SamferdslePeder Sjo Slettebø (31) har sete som ordførar i litt over to år. Denne hausten vart «Kvinnheradpakken» vedtatt, ein pakke som skal sikra utbetring og vedlikehald av dei mest utsette vegstrekningane i Kvinnherad kommune. Torsdag 30. november møttest ei interkommunal gruppe beståande av seks politikarar frå Kvinnherad og Stord for første gong. Målet er nytt Kvinnherad–Stord-samband. Det er heller ikkje altfor lenge til byggestart på den planlagde ferjefrie E39. Kyststamvegen som vil gje kvinnheringar betre veg både mot Haugesund og Stavanger i sør, og mot Bergen og Flesland i nord. Men korleis skal vi koma oss inn på denne vegen?

Kvinnherad-ordføraren er fornøgd etter at Kvinnheradpakken kom på plass, men vedgår at vi har ei gedigen utfordring føre oss. Nemleg å få pilene til å peika i riktig retning igjen.

– Vi ønsker å koma i gang med ulike prosjekt i Kvinnheradpakken før bompengesøknaden vert godkjent. Det vil ta tid før Stortinget godkjenner den, og før ein vil ha høve til å ta bompengar på ferjesambanda Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn og Kvinnherad–Stord. Derfor ønsker vi å forskottera midlar der vi har reguleringsplanar klare. Vi vil setja spaden i jorda og koma i gang, seier ordførar Peder Sjo Slettebø, til Kvinnheringen.

– Kva skjer først?

– Neste prosjektet som får oppstart er Fureberg bru og Kroka-parsellen. Så må vi ha ein diskusjon om kva prosjekt som kan vera aktuelle for forskottering. Personleg tenker eg Sandvoll sentrum og Sæbøvik–Eidsvik, samt Opsanger–Porsvik-vegen når reguleringsplanen er klar. Men dette er ikkje berre opp til meg, her skal kommunestyret avgjera. Krav til omfattande planar er årsaka til at det tar tid frå vedtak til oppstart. Vi må derfor prioritera reguleringsplanar framover. Jo fleire planar ein har klar, jo kjappare kan ein forskottera midlar.

– Er du nøgd med Kvinnheradpakken slik den blei?

– Absolutt. Ein har gjort for lite med vegane mellom tunnelane. Det gjer ein noko med no. Men om nokre år trur eg vi får behov for «Kvinnheradpakken del 2». Vi får ikkje utbetra alt vi ønsker i denne omgang. Med tanke på det som har skjedd tidlegare, eller det som ikkje har skjedd, er eg godt fornøgd. Det er også særs viktig at planmidlar for betre tilknyting til E39 ligg inne.

– Kva er viktig no når kommunen skal inn i dette samarbeidet med Stord om nytt ferjesamband?

– Situasjonen er ein annan enn for to år sidan, og eg føler vi har kome eit godt stykke på veg. Tidlegare var det fleirtal i Stord kommunestyre for å ikkje bygga ny kai på Stord. Eg er trygg på at vi skal landa ei god løysing innan rimeleg tid. Det er to ting som er viktig i planlegginga. Det eine er å korta ned reisetida mellom regionsentera Husnes og Leirvik. Det andre er hyppigare avgangar for ferja. Om nokre år kjem det elektriske ferjer. Dei krev ladetid og vil ikkje gå hurtigare enn dei ferjene vi har i dag. Fylket har sine miljøkrav som vi må ta omsyn til. Det blir også viktig for oss å nytta høve til å understreka kva vi kan bidra med i Sunnhordlandsregionen. Det er jo slik at vi om nokre år blir ein del av eit større fylke her på Vestlandet. Derfor må vi i større grad stå saman for ikkje å bli ein utkant i framtida.

– Innbyggjartalet vårt står i beste fall i ro og mange fryktar for utviklinga. Er det noko ordføraren meiner burde vore gjort av tidlegare administrasjon og leiiande parti i Kvinnherad, som ville gjort situasjonen betre enn den vi har i dag?

– Ein interkommunal planprosess burde kome for lenge, lenge sidan. Vi har vore for opptatt av skulestruktur og helse- og omsorgsdebatt. Den diskusjonen tok mykje av merksemda vår. For stort fokus på kommunal drift førte til mindre tenking på utvikling. Derfor var det viktig for oss å leggja skuledebatten daud då vi kom til makta. Det er jo slik at pilene peikar feil veg. Derfor er det òg viktig å ha eit ambisiøst investeringsprogram i tida som kjem.

– Du har jo sjølv vore svært opptatt av Kvinnherad–Stord-sambandet. Har det vore ein vanskelegare jobb enn det du førestilte deg då du vart ordførar?

– Eg visste det ikkje kom til å bli ei enkel oppgåve. Men vi greidde å få diskusjonen i gang igjen. Eg er meir opptimistisk i dag og trur vi nærmar oss ei løysing.

– Kva har betra seg etter at Høgre kom til makta?

– Vi er i gang med tidenes løft på vegar og trafikksikring, og vi har for første gong starta opp med ein bustadpakke. Skuledebatten er lagt daud og ein ny idrettshall vil snart stå ferdig. Ein er også i gang med utvikling av kaiområdet og bustadpakke i Rosendal. Husnes sentrum får eit stort løft med nye vegar, eit finare gatebilde, ny kollektivterminal og nytt tenestesenter. Vi har enno ein stor jobb med planarbeid og byggesaker. Her har vi for dårlege planar, det er for vanskeleg for folk å realisera det dei ønsker. Det tek for lang tid.

Ordføraren i preik med ein arbeidar. Denne vinteren blir Opsangervegen ny.

Ordføraren i preik med ein arbeidar. Denne vinteren blir Opsangervegen ny.

– Kva blir det viktigaste for utviklinga i åra som kjem?

– Samferdsle, bumiljø og fritids- og kulturtilbod. Vi må ha arbeidsplassar, og då er ein avhengig av eit næringsliv i vekst. Vi må leggja til rette for vekst. Eg synest for eksempel den nye idrettshallen på Husnes er svært viktig. Den opnar for nye tilbod. Så må ein arbeida vidare med Husnes som regionssenter. Det må vi i større grad gjera saman med næringslivet. I budsjettet for 2018 får Kvinnherad Næringsservice meir midlar. Det er fordi dette er eit samarbeid vi har tru på og ønsker å vidareutvikla. Vi ønsker òg å utarbeida ein næringsplan som skal konkretisera kva Kvinnherad kommune kan og skal jobba med for å hjelpa næringslivet.

– Kvinnheringen har i denne avisa snakka med fleire som er uroa over utviklinga og at dette enno rår ei bygdetenking blant politikarar og andre?

– Eg trur oppriktig talt dette er blitt betre. Det er sjølvsagt viktig å ha eit perspektiv som ser på kva vi kan få til saman. Om det skjer noko på Husnes eller i Rosendal i dag, så er mitt inntrykk at den andre parten gler seg over det. Likevel så er det slik at folk er opptatt av si eiga bygd, og slik vil det nok alltid vera, trur eg.

Les også: Studentane sitt krav til politikarane: – Noko må skje, og det kvikt!

– Nokre meiner ferja bør halda fram med å gå frå Halsnøy. Er du einig?

– Det er viktig å få gjort eit vedtak slik at nytt ferjesamband kjem før eller samstundes som at nedbetalingsperioden for Halsnøytunnelen (2023, red.anm.) er over, og E39 påbegynt. Plasseringa av ferjestø på Stord-sida bør liggja nær Leirvik. Eg meiner det blir ein omveg å køyra via Huglo eller Tysnes, og det er heller ikkje realistisk å få til noko der innan rimeleg tid. Det blir ekstremt viktig å få ein veg mellom Husnes og Leirvik som er open så ofte som mogleg og med høg frekvens på båtane. Den totale reisetida må bli avgjerande.

– SF-politikar Gaute Lund meiner det er urealistisk å byggja nytt ferjeleie mellom Leirvik og Rommetveit?

– Det er for tidleg å seia. Vi må få utgreidd dei ulike alternativa. Kva vil for eksempel Klosterneset–Rommetveit ha å seia for flyten i trafikken? Kva frekvens og kva vil opningstida av vegen vera med samband frå fastlandet? Det blir viktig å gå inn i dette prosjektet med eit ope sinn. Det er mange meiningar og samferdsle tek tid. Ein må måla opp att og opp att og smørja seg med tolmod.

Les også: Kvinnherad–Stord-sambandet: Fryktar H, Sp og KrF

– Har vi nok tyngde til å få gjennomslag for forslaga våre inn mot sentrale styresmakter?

– Det vil eg påstå. Eg opplever no at vi har drahjelp frå fylkeskommunen, som blant anna ønsker å satsa på Kvinnheradpakken. Nabokommunane våre er òg blitt meir bevisste på oss, seier ordføraren.

Artikkeltags