Kvinnherad–Stord-sambandet: Fryktar H, Sp og KrF

Gaute Lund drøymer om å få ferja tilbake til fastlandet, og om rute til Jektevik, Hodnanes eller Huglo.

Gaute Lund drøymer om å få ferja tilbake til fastlandet, og om rute til Jektevik, Hodnanes eller Huglo.

Artikkelen er over 2 år gammel

– Eg er redd den rådande politiske alliansen vil gi denne saka eit uheldig utfall, meiner Gaute Lund, iDrift-gründer og lokalpolitikar (SF).

DEL

Samferdsle – Stor usemje blant folk og politikarar gjer jobben med betre tilknyting til Stord svært vanskeleg, seier Lund til Kvinnheringen.

Når ein no skal sjå på betre samband til Stord og E39, må ein sjå på kva som gagnar tyngdepunktet i befolkninga, meiner Lund, og viser til strekninga Valen–Uskedalen.

– Saka er så viktig at vi ha alle alternativa utgreidde. Ein kan ikkje halda fram i same spor. For nokre politikarar er Halsnøy–Stord einaste alternativ. Vi må samlast og sjå ope på det. Det er utruleg viktig, for det er ikkje lenge til bompengeperioden for Halsnøytunnelen er over, seier Lund.

I kommunestyremøtet i august hadde SF-politikaren to tilleggsframlegg til rådmannen si innstilling om eit interkommunalt samarbeid med Stord. Ein planprosess bør ta omsyn til den totale reisetida mellom regionsentera Husnes og Leirvik, meinte Lund.

Han bad også om å ta med alternativ som blir tilgjengelege når bompengeperioden for Halsnøytunnelen er over:

– Ein må greia ut alternativ som kan bli aktuelle i framtida, som for eksempel Huglo. Det er uansvarleg å ikkje tenka på ulike alternativ som kjem når vi ikkje lenger er avhengige av å køyra gjennom tunnelen.

Les også: – Denne ferja er den godt gøymde perla

– Stord er sjølvsentrerte

Han viser til at det i Høgre, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti ikkje er ein einaste fast representant i kommunestyret frå Husnes-området og «ytre luten», og fryktar det vil påverka det framtidige utfallet i saka.

– Eg trur heller kkje det skjer noko før Halsnøytunnelen er nedbetalt. I praksis har det ikkje skjedd noko sidan tunnelen kom. Vi står på staden kvil. Det er kome eit nytt initiativ no, med interkommunal samarbeidsgruppe, men eg trur diverre ikkje det vil få fortgang på prosessen. Og det er det fleire grunnar til, seier Lund, og held fram:

– Eg skjønar stordabuen sin motstand. Kyststripa frå Leirvik til Rommetveit er tett befolka og bebygd, og motstanden er enorm til nytt ferjeleie her. Dette er òg ein klassisk sentrum-periferi-dynamikk. Der sentrum er seg sjølve nok, og tek omlandet sitt for gitt, forklarar Lund.

– Om ein tel ferjekaier på Stord, er det eit stort antal som ikkje er bruk, eller som skal ut av bruk når E39 kjem. Stordabuane treng ikkje fleire kaiar.

Samarbeid med Stord om nytt ferjesamband har gjennom tida vist seg å vera svært utfordrande.

– Det er det viktigaste sambandet vårt ut mot verda. Og dette tek stordabuen for gitt. Når dei argumenterer for sjukehuset sitt, brukar dei oss i argumentasjonen. Det er å vera sjølvsentrerte, seier Lund.

Han meiner vi likevel må forstå dynamikken og jobba konstruktivt i staden for å bli irriterte.

– Kven skulle trudd at vi berre nokre år etter at ferjekaien stengde på Sunde, skulle bruka heile området til pakering – og at sjølv ikkje dét var nok. Det vitnar om ein kolossal auke i pendling. Folgefonntunnelen kan ikkje samanlikna seg.

Les også: Studentane sitt krav til politikarane: – Noko må skje, og det kvikt!

– Stord-hint

Lund meiner Sunde–Jektevik er eit naturleg val når området Leirvik til Rommetveit fell ut.

– Sunde–Hodnanes (Tysnes) vil vera eit naturleg val seinare, når E39 og brua over Bjørnafjorden står ferdig. Så sant det blir sørleg kryssing. Dette er sjølvsagt lenger fram i tid. Huglo bør også vera eit alternativ, med ferje frå Bjellandsneset eller Husnes. Vi må tenkja langsiktig. Ein kan spara pengar på å unngå nye utbyggingar, og ein vil ta omsyn til fleirtalet i befolkninga.

Dersom vi satsar på ferje til Huglo, vil ikkje investeringane vera bortkasta dersom det blir ein Sunnhordlandsdiagonal ein gong i framtida, meiner Lund.

– Det er svært viktig å få på plass ei utgreiing no når vi skal ta stilling til dette. Stord la fram Huglo som eit alternativ for nokre år sidan, men blei nærmast latterleggjort, slik eg hugsar det.

Han meiner det er viktig å lytta til kva Stord har å seia for å få fortgang i prosessen:

– No har vi sjansen. Dei har kome med hint om at vi må ta omsyn til den totale reisetida mellom regionsentera Leirvik og Husnes.

Det er viktig at Kvinnherad også engasjerer seg i arbeidet med Huglosambandet, ifølgje Lund.

– Slik at dette blir tilrettelagt for mogleg ferjekai, og for Sunnhordlandsdiagonalen lenger framme. Sunde–Huglo kan gje seglingstid på 18–20 minutt, legg han til.

– Eg hugsar det Elisabeth Tharaldsen (FrP) sa for ti år sidan, då Halsnøytunnelen opna. Ho sa at vi ikkje måtte bli for opptekne av eit kortare samband basert på vilkåra i stortingsproposisjonen, altså ferje bunde til å gå frå Halsnøy. Vi måtte tenka på det beste alternativet etter at bompengeperioden er over. Ho var klarsynt. Vi kan ikkje no gå inn i samtalar med Stord og terpa på at ferja skal gå frå Halsnøy. Vi må også diskutera andre alternativ.

Les også: – Sjå til Bømlo for gode løysingar

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken