Vil ha veg i vellinga

Ei drøftingssak om det vidare arbeidet med å betra vegstandarden i kommunen, fekk full oppslutnad i formannskapet torsdag kveld.

DEL

Ordføraren sjølv er sakshandsamar for «Drøftingssak veg», som også skal opp i kommunestyret. I formannskapet torsdag kveld fekk han som nemnt full oppslutning for drøftingssaka, som i saksførebuinga er samanfatta i desse kulepunkta:

• Kommunestyret tek vedlagde skriv til Hordaland fylkeskommune i samband med raskartlegging av fv. 40 Matre-Åkra til orientering. (5. mars sende ordføraren brev til fylket, med bøn om raskartlegging).

• Kommunestyret ber kommunedirektøren i arbeidet med kommunedelplan for samferdsle, syta for at planframlegget tek opp i seg planar og strategi for heilskapleg utbygging av vegstandard gjennom heile kommunen.

• Kommunestyret forventar at Hordaland fylkeskommune deltek aktivt i planarbeidet.

• Kommunestyret ynskjer at tiltak som er naudsynte for ei heilskapleg utbetring av vegnettet i heile kommunen, og som er nemnt i saksutgreiinga, kan finna si løysing gjennom ein revisjon av Kvinnheradpakken, eventuelt gjennom ein Kvinnheradpakke 2. Kommunestyret ber om at dette vert drøfta i planframlegget.

• Kommunestyret forventar at kommunedirektøren syt for oppstart av reguleringsplanarbeid for nytt ferjestø i Skjelnesodden innan 01.04.19, og fv. 48 Opsanger–Porsvik innan 01.07.19.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags