«Samferdsel, solidaritet og samhald innad i Hordaland – er det mogleg?»

Av
DEL

MEININGAREg er veldig opptatt av å knyte saman by og land via god samferdsel i form av fast vegsamband. For oss som bur i vakre Sunnhordland så er E39 og E134 alfa og omega for utvikling og vekst. Men vi kan ikkje greie det utan hjelp frå resten av fylket. Derfor lurer eg på om kvar enkelt kommune i Hordaland er villig til å sjå på fylket under eitt, i staden for å berre sjå til utvikling og vekst i eigen kommune? Sjå til rogalendingane og Ryfast som skal opnast denne sommaren. Kan vi læra av rogalendingane her når det gjelder samhald, solidaritet og effektivitet?

Min draum er at vi som bur i Kvinnherad blir knytt saman med resten av Hordaland via Sunnfast, som igjen gir oss fast vegsamband via E39 både mot Bergen og Stavanger. I tillegg til det så vil Sunnfast (sørleg kryssing over Langenuen) bli eit viktig knutepunkt for E134 austover mot Austlandet med arm til Kristiansand og idylliske Sørlandet. Eg håper at folk i Bergen og omegn forstår at E134 over Haukelifjell som heilårsveg, kor store deler blir lagd i tunell, med eit skilje mellom lokal og fjerntrafikk, ser nytteverdien av denne vegen også? Som då ikkje berre er for Sunnhordland og Hardanger, men for heile fylket inklusiv Rogaland.

Med ei køyretid på cirka 45 minuttar frå Stord til Bergen, så kan det samanliknast med å sitje i kø i rushtida i Bergen frå for eksempel Loddefjord til Flesland flyplass. Eg har sjølv budd i Bergen i fleire år og veit kor lang tid det tar i rushtida på denne strekninga. Kan då folk og bedrifter i Bergen sjå for seg moglegheita for å slå seg ned i Sunnhordlandsområdet, med bare 45 til 60 minuttar til Bergen? Her snakkar eg om ein rask E39 med fartsgrense på 110 km/t. Med den same fartsgrensa over Haukelifjell kan ein nå Oslo på cirka tre timar frå Sunnhordland.

I Bergensområdet er det som kjend eit press på bustadmarknaden som ikkje alltid gjer det enkelt for førstegangsetablerarar å kunne kjøpe sin første bustad eller leilegheit. I Sunnhordlandsområdet er det motsett på bustadmarknaden. Dei fleste kommunane har god plass som gjer det lettare for at førstegangsetablerarar ikkje treng grava så djupt i lommeboka, for å kjøpa sin første bustad. Den dagen E39 har fast vegsamband mellom Bergen og Stavanger, kor Sunnfast også er blitt til verkelegheit, ja, då kan både bergensarar, sunnhordlendingar, hardingar, Haugesundarane og siddisane jubla og spretta champagnen saman.

Som eg viste til innleiingsvis om opninga av Ryfast som vil knyte saman Ryfylke og Nord- Jæren, ja då må vi kunne vere like flinke som rogalendingane, her i fylket også! Kan vi få det til og vera lika effektive ved å gravlegga gamle strider som hindrar utvikling og glede for heile Hordaland?

I januar 2018 viste rogalendingane nok ein gong at dei er komne lengre enn oss her i fylket. No viser eg til at første salva for å krysse Boknafjorden blei sprengd den månaden. Derfor har eg tru og håp om at Sunnfast kan vera brubyggjaren, bokstaveleg talt, for at vi ikkje er dårlegare enn rogalendingane, når det gjeld kryssinga av E39 og val av traseen over Bjørnafjorden. La oss tenke positivt, vere solidariske, vise samhald og effektivitet slik at vi også kjem i mål med E39, Sunnfast og E134. Slike tankar vil vera viktige og gode for alle som lever og bur i Hordaland, Rogaland men også nordover mot Trondheim, samt sørover mot Kristiansand. Slike vegløysingar er også viktig for vegen mot Austlandet via E134. Heilt til slutt må vi også hugse på våre etterkommarar som ikkje er fødde endå, som då kan gjera det lettare for dei å velja å busetje seg i by eller land med god kommunikasjon i «alle» retningar.

Tor Harald Bringedal

Artikkeltags