Studentane sitt krav til politikarane: – Noko må skje, og det kvikt!

BEKYMRA: (F.v.:) Mats Åsheim Mo, Marie Røssland og Ingrid Handeland diskuterer framtida og heimflytting på Bryggen i Bergen.

BEKYMRA: (F.v.:) Mats Åsheim Mo, Marie Røssland og Ingrid Handeland diskuterer framtida og heimflytting på Bryggen i Bergen.

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire utflytta kvinnheringar fortel at det er uaktuelt å venda heim til kommunen slik stoda er i dag.

DEL

Samferdsle– Eg har alltid hatt planar om å flytta heim, men det blir mindre og mindre freistande. Eg ser ikkje på Kvinnherad som eit alternativ lenger, og det gjer ikkje dei rundt meg heller.

Det seier Mats Åsheim Mo (25) til Kvinnheringen. Byggingeniørstudenten frå Sunde skreiv tidlegare i september eit lesarbrev til lokalavisene i Kvinnherad: «Kvinnherad er ein god plass å bu, men ønsker kommunen å vera attraktiv for ungdomen i framtida, må ein ta innover seg at eit moderne samfunn vil krevja at reisetida til dei næraste byane blir betydeleg redusert. (…). Unge vil ha ein jobbmarknad som er utviklande, gir fagleg påfyll og som opnar for jobbkarriere».

– Energien og tidsbruken lokale politikarar brukar på prosjekt i ytterkantane av Kvinnherad, burde koma i tredje eller fjerde rekke. Kvifor jobbar vi ikkje for å knyta husnesområdet, som regionssenter og der fleirtalet bur, til resten av verda? Kvifor evnar vi ikkje å tenkja framtidsretta? tornar Mo.

– Må ha høve til å reisa ut

Kvinnheringen møter han saman med Ingrid Handeland og Marie Røssland ved Zachariasbryggen i Bergen. Dei tre er snart ferdige med høgare utdanning i vestlandshovudstaden. Røssland har snart sikra seg ei mastergrad innan finans ved Norges Handelshøyskole.

– Eg er litt usikker på kva eg vil gjera når eg er ferdig, men eg veit at ein bankjobb ikkje er det eg ønsker meg. Dersom eg skal flytta heim, må eg ha høve til å komma meg ut, seier Røssland, og held fram:

– Eg seier ikkje at det skal liggja eit finanssentrum på Husnes, men eg er nøydd til å ha høve til å reisa ut dersom eg skal bu i Kvinnherad. Då tenkjer eg på jobb. Eg kjenner meg innestengd i Kvinnherad, fortel 26-åringen frå Husnes. Ho er saman med sambuaren frå Kvinnherad på jakt etter hus i Os kommune.

– «Bygdetenking»

Ingrid Handeland frå Valen har lang fartstid i ungdomspolitikken, og snart er 22-åringen ferdig med juristutdanninga ved Universitetet i Bergen. Ho seier ho gjerne vil tilbake til Kvinnherad når det blir aktuelt å etablera seg med familie.

– Eg trur ikkje jobb betyr alt for ungdomen generelt i dag. Det handlar meir om å ha ein fin kvardag, det å ha høve til driva med interessene sine. Å kunna gå ut og eta middag, ha kort veg til der det skjer. Slike ting trur eg blir viktigare og viktigare i det moderne samfunnet, seier ho.

Handeland meiner det enno rår ei «bygdetenking» som øydelegg for utviklinga i heimkommunen.

– Alle har kvar sin skule, kvar sin sjukeheim. Kvifor kan vi ikkje tenkja meir på korleis vi saman kan få til ei god framtid. Vi er 13.000 innbyggjarar. Då må ein planlegga langsiktig for skulestruktur og sjukeheimsplassar. Slike typar ting vil gjera kommunen attraktiv. Ein vil kunna unngå desse periodane med uvisse om kva som skal leggjast ned og kva som skal oppretthaldast.

– Har vi ein tydeleg plan for korleis vi ønsker at Kvinnherad skal sjå ut i framtida? Har vi ein strategi for heile bildet? Vi må jobba saman for å gjera kommunen attraktiv, i staden for å surra rundt i eiga bygd, held Handeland fram.

Etterlyser ny tankegang

Jusstudenten viser til Uskedalen som ei framgangsbygd, og til måten dei tilrettelegg for Festidalen.

– I framtida vil vi nok ikkje ha dei same offentlege tilboda, men ein kan prøva å skapa noko eige. Det er engasjement der ute, men eg skulle gjerne sett det same på kommunalt plan. Vi må dyrka det beste den einskilde bygda har å by på, i staden for at alle skal ha det same. Sjå 20 år fram i tid: Kva kan denne kommunen tilby dei unge som er ferdigutdanna då? Eg saknar litt ein slik tankegang.

– Er det for få unge som engasjerer seg i spørsmål om framtida?

– Eg skulle gjerne sett at det var fleire unge der heime som var med i ungdomspolitikken, og som kanskje kunne jobba målretta med disse problemstillingane, seier Ingrid.

– Det er vanskeleg for meg som bur i Bergen og peika på ting som bør skje heime. Det merkar eg når eg snakkar med politikarar. «Det er enkelt for deg å seia for du bur ikkje her». Det er kanskje litt den haldninga ein blir møtt med som utflytta student. I staden for: «Kva skal til for at du skal flytta heim?», påpeiker den tidlegare valebuen.

– Men korleis kan unge bidra og vera med å påverka i ein slik debatt?

– Det har jo akkurat vore val. Det er litt tungvint. Men når ein til dømes skal velja aust/vest-trasé, er det viktig at kvinnheringar er på banen. Dersom ein droppar å ha ein arm til å kopla seg på ein ferjefri E39, blir jo den vegen irrelevant for oss. Kanskje må ein engasjera seg i eit ungdomsparti? Ein bør også ha eit kontaktutval, der ein kan invitera ungdom for dialog. Det er ein fin plass å byrja. Eit slags møtepunkt der ein har høve til å spela inn saker, der terskelen kanskje er lågare enn i eit kommunestyre.

Vil samlast om noko større

– Kvifor kan ein ikkje sjå ting i større perspektiv? Det er dyrt å byggja ferjefri veg til Bergen frå Sunnhordland, men det vil ein få igjen for, meiner Mats Mo.

– Det har skjedd ting internt i kommunen, men det er verken blitt lettare å reisa til Stord eller Bergen. Kommunikasjonen til resten av Sunnhordland og Bergen er akkurat den same i dag som den har vore i veldig, veldig lang tid. Kvifor kan vi ikkje samlast om noko større og jobba saman om det? seier han.

Handeland påpeiker at det er i ferd med å skje ting på Husnes, og augnar eit lite håp:

– Om ein kan fortsetja å styrka Husnes som regionssenter så trur eg det vil ha positive ringverknadar. Då kan ein legga den ballen daud. Men vi må laga eit regionssenter. Vi kan ikkje ha det på papiret, men ikkje i realiteten.

– Kva inntrykk har de av jobben som blir gjort for å få unge heim?

– Eg har inga kjensle av at dei prøver, seier Marie Røssland.

– Kva gjer dei, eigentleg? Ein sjekk på 10.000 kroner er ikkje det vi ønsker oss, seier Mo, og held fram:

– Eg har preika med mange etter at eg byrja å engasjera meg. Det finst sjølvsagt mange ulike grunnar til at ein ikkje har lyst å flytta heim, men alt botnar i at det er vanskeleg å komma seg inn og ut av kommunen. Ein har gjerne lyst å halda fram med litt av det ein gjorde før ein kom heim, meiner Åsheim Mo.

Marie Røssland, Mats Åsheim Mo og Åsmund Voster, alle frå Kvinnherad, fekk i september preika ut med Kvinnherad Næringsservice-sjef Silvia Tofte, under Sunnhordlandstreffet i Bergen.

Marie Røssland, Mats Åsheim Mo og Åsmund Voster, alle frå Kvinnherad, fekk i september preika ut med Kvinnherad Næringsservice-sjef Silvia Tofte, under Sunnhordlandstreffet i Bergen.

Artikkeltags