Ny veg skal gi reisetid på fire timar mellom Bergen og Oslo

Av
DEL


Nye Vegar AS ønskjer å byggje ein ny firefelts E134 med ei fartsgrense på 110 kilometer i timen. Det kan gi ei køyretid på fire timar mellom Oslo og Bergen.

– Vi ser for oss at vi kan klare å få ned reisetida til cirka fire timar, seier administrerande direktør Anette Aanesland i Nye Veier AS til NRK.

Forslaget blei lagt fram på ein vegkonferanse i Tysvær torsdag. Den nye vegen er førebels rekna ut til å koste mellom 120 og 150 milliardar kroner.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags