– Kva er vi om ti år?

F.v.: Leif Kristian Tungodden, Even Stensletten, Tom André Kaldestad og Jens Kristian Hauge.

F.v.: Leif Kristian Tungodden, Even Stensletten, Tom André Kaldestad og Jens Kristian Hauge.

Artikkelen er over 1 år gammel

Det vi gjer no, kjem til å bli heilt avgjerande for framtida til Kvinnherad kommune, meiner denne gjengen.

DEL

SamferdsleLes også: Studentane sitt krav til politikarane: – Noko må skje, og det kvikt!

– I dag er det nesten enklare å koma seg til Austlandet enn til Bergen for oss kvinnheringar, byrjar Even Stensletten.

32-åringen meiner dei neste åra vil bety alt for korleis Kvinnherad kjem til å utvikla seg.

– Samferdsle er alfa og omega. Det vi gjer no – dei neste fem–ti åra – kjem til å bli heilt avgjerande. Dette blir ein særs viktig periode. Vi må skapa utvikling og vekst, viss ikkje vil det seia stopp, seier Stensletten.

Saman med Jens Kristian Hauge og Tom André Kaldestad er han avhengig av ferje- og hurtigbåttilbodet i det daglege. Han driv handverkarverksemda Byggmester Stensletten, medan dei to andre pendlar til offshore-jobbane sine.

Jens Kristian Hauge har tidlegare i eit lesarbrev til Kvinnheringen, påpeika at det stagnerte innbyggjartalet er ein direkte konsekvens av for dårleg samferdsle.

– Vår generasjon er oppteken av nærleik til by. Og nærleik til by ser ein også er fellesnemnaren for små og mellomstore byar i vekst, forklarar den heimflytta ingeniøren.

– Vi er også meir opptekne av yrke og jobbkarriere. Då er tilknyting til resten av verda eit «must», legg Kaldestad til.

– Det hastar

– Med halvannan time til Bergen vil vi få heilt andre tilhøve, og nå ein ny arbeidsmarknad. Hordfast vera Kvinnherad sitt mål å koma inn på. Vi må tenkja større og langsiktig, seier Even Stensletten.

– Med prisane og den tida ein brukar til Stord i dag, er det ikkje lønsamt for verksemder, seier han.

Dei tre er samde om at tilknyting til ferjefri E39 må vera soleklart øvst på prioriteringslista til kommunepolitikarane. Det er på tide noko skjer, for ifølgje trioen er det som om Kvinnherad har stått i ro i ei årrekkje.

– Det skjer ingenting. Det er tolv år sidan eg byrja å reisa på jobb til bergensområdet. Det er trist å seia det, men tilbodet er så å seia akkurat det same i dag. Det hastar å få korta ned reisetida til Stord, og seinare til ein ferjefri E39, meiner Tom André Kaldestad.

– Sunnhordlandsdiagonalen er eit prosjekt som ligg langt fram i tid. Eg meiner vi må kunna ha to tankar i hovudet. Vi må jobba på for den, og vi må jobba for å få ei best mogleg løysing på kort sikt, seier Kaldestad, som siktar til ferjeleie i Kvinnherad–Stord-sambandet.

Hauge meiner det må vera utelukkande positivt for Stord kommune med betre tilknyting til Kvinnherad, og kan ikkje forstå kvifor samarbeidet om nytt og betre samband har vore så vanskeleg.

– Tenk kva vi kan få til med samarbeid mellom institusjonane, seier han, og peiker på flyplass, høgskule og sjukehus, mellom anna.

Les også: Kvinnherad–Stord-sambandet: Fryktar H, Sp og KrF 

Kom, men reiser igjen?

Leif Kristian Tungodden har arbeidd på Kvinnherad vidaregåande skule i snart to år. Han flytta til kommunen frå Bergen på grunn av lærarjobben. 29-åringen er usikker på kor lenge han blir verande.

– Kvinnherad er ein flott kommune. Det har sjølvsagt litt med det sosiale å gjera. Eg saknar det bylivet har å tilby. Det er jobben som held meg her, vedgår han.

Jens Kristian Hauge er utdanna ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, og har fleire vener og kjente som ikkje har gjort som han – å flytta heim att.

– Jo mindre den overgangen er, jo lettare er det å få folk heim. Det er mykje positivt ved å bu i Kvinnherad. Vi har naturen, og det er låge bukostnader. Det er mange fordelar, men vi har ikkje vore gode nok til å utnytta dei og gjera kommunen attraktiv, fastslår 29-åringen.

– Då må vi ha vekst og utvikling. Slik har det ikkje vore. Mitt inntrykk er at fleire tar høgare utdanning, men at kompetansen rett og slett blir for høg til at kommunen kan ta i mot dei igjen, skyt Stensletten inn, og held fram:

– Kva er vi om ti år? Eg meiner politikarane våre har fokus på feil ting. Gjennomføringspolitikk, som mindre fillesaker innad i kommunen som ikkje angår fleirtalet. Vi må begynna i andre enden. Vi må tenka større og gjera kommunen vår attraktiv for framtida. Då treng vi betre samferdsle som vil ha positiv innverknad på næringslivet. Det må vi leggja til rette for, seier Stensletten.

Dei fryktar jobben som er gjort, ikkje har vore god nok:

– Kvinnherad kommune og politikarane må ta ansvar. Vi kan ikkje vedta gode verksemder, men vi kan leggja til rette for dei. Det verkar som om utviklinga har stoppa fullstendig opp, seier dei samstemde.

Artikkeltags