Fekk inn 57.000 under «Kjolar for huset»

«Kjolar for huset» blei stor suksess, og mange var innom for å sikra seg eit kjole-kupp og samtidig støtta Halsnøy samfunnshus. (Arkivfoto).

«Kjolar for huset» blei stor suksess, og mange var innom for å sikra seg eit kjole-kupp og samtidig støtta Halsnøy samfunnshus. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Laurdag 13. mai arrangerte styret for Halsnøy samfunsshus ein kjolemarknad til inntekt for samfunnshuset. Over 400 flotte kjolar i alle fargar og fasongar blei donerte, og Kristin Isdal Eide, Ingeborg Tofte Grønseth og Tone-Lise Jonassen song medan 22 lokale mannekengar viste fram eit utval av kjolane. Etterpå kunne folk handla. Til saman med kjole-, lodd- og kafésal denne dagen fekk arrangørane inn 57.000 kroner, noko dei er strålande nøgde med. Damene bak vil takka alle som stilte opp som frivillige for å sy saman arrangementet denne dagen, dei flinke songarane og modellane, og dagleg leiar ved samfunnshuset Wenche Tofte.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags