– Det var 34 lag og tett opp mot 200 spelarar i miniputtklassane med på årets cup, seier Kjell Harald Tungesvik i Uskedal IL.
Og når det i tillegg var eit stort oppmøte av foreldre og føresette på supportarsida, vart det ei stund litt mykje bil å handtera for arrangørane.
– Det vart så mykje at vi sleit litt med parkering ei stund der. Det var ein halvtime det kom litt mykje bil, men heldigvis får vi lov å låna eit stort område av Trond Lekva Myklebust, så det ordna seg veldig greitt, seier Tungesvik.
Det var lite å seia på innsatsen til dei mange frivillige som raskt ordna opp i parkeringskrøllet. Det stod i stil med innsatsen rundt om på dei mange banane, kor dei unge, lovande fotballspelarane verkeleg gav alt for sine lag.
– Dette er høgdepunktet for vår del. Vi har ein cup i året, og då er det kjekt med så bra oppslutnad. I tillegg var vi heldige med vêret, seier Tungesvik.
