Føler seg urettferdig behandla i tomtesak

VIL BYGGJA HUS: Elisabeth Haugland og Eirik Handeland, her med borna Linnea (6) og Emilian (3), ønskjer å byggja hus på denne tomta, og huset er tenkt plassert eit stykke nedanfor berget dei står på.

VIL BYGGJA HUS: Elisabeth Haugland og Eirik Handeland, her med borna Linnea (6) og Emilian (3), ønskjer å byggja hus på denne tomta, og huset er tenkt plassert eit stykke nedanfor berget dei står på. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Eirik Handeland og Elisabeth Haugland har fått dispensasjon til å dela frå ei tomt i eit LNF-område på Sandvoll, men meiner vilkåra for dispensasjonen er blitt for strenge.

DEL

Den frådelte tomta ligg på nedsida av midtre del av byggjefeltet Heio. Der særleg naboen rett ovanfor den nye tomta såg for seg at LNF-området (landbruks- natur- og friluftsområde) skulle bli verande som urørt natur, og at det var ein viktig føresetnad for tomtevalet i si tid, har det unge paret altså fått godkjent ei tomtefrådeling. Dette har skapt konflikt.

Trass faglege tilrådingar, både frå kommuneadministrasjon og fylkesmann, vedtok politikarane i forvaltningskomiteen å gi dispensasjon. Rett nok gjekk det nokre rundar, men til slutt vart vedtaket stadfesta, då med vilkår om at det planlagde huset må vera utanfor utsiktsfeltet til naboen ovanfor.

Og det er dette punktet som no skapar strid i prosessen med å få godkjent husplanane: Dei unge husbyggjarane meiner sikt-kravet er urimeleg, og at det har blitt skjerpa undervegs i den kommunale prosessen.

– Skal vi etterleva siktkravet slik det er no, betyr det at halve tomta i praksis ikkje kan byggjast på, sukkar Eirik Handeland og Elisabeth Haugland.

Husbyggjarane meiner dessutan at det er urimeleg å basera siktkravet på utsikta frå det dei hevdar er eit ulovleg fritidsbygg, heilt i nedre kant av nabotomta ovanfor, plassert på det som i feltplanen er regulert som parkareal. Kommunen på si side ser på «grillhuset» som eit lovleg bygg meldt inn med såkalla «melding om tiltak».

Det planlagde bustadhuset er tiltenkt ei mønehøgde på eit nivå som er lågare enn golvet i kjellar i nabohuset ovanfor. Men frå nedre kant av denne naboeigedomen, vil det planlagde huset ta noko av sjøutsikta.
 

Krev ny behandling

– Kommunen vil ikkje gjera om vedtaket (dispensasjon med vilkår). Fylkesmannen har stadfesta at klagen på vedtaket kom over eitt år for seint, og at kommunen si klageavvising dermed vert ståande. Korleis skal de då få til ei ny behandling av vilkåra i dispensasjonen?

– Det kommunen har definert som klage, meiner vi er krav om ny behandling på bakgrunn av nye opplysningar i saka. Då tenkjer vi på at kravet om siktlinjer er basert på eit ulovleg oppført bygg. Det var meldt inn som bod/grillhus på 15 kvadratmeter, men det er blitt noko som liknar på ein fritidsbustad på rundt 40 kvadratmeter, seier Eirik Handeland og Elisabeth Haugland.

– Kommunen åtvarar mot vidare protestar, og viser til at ein ny runde kan gi lang saksbehandlingstid. Korleis ser de på denne åtvaringa?

– Det er formulert nærast som ein trussel som ikkje høyrer heime i kommunal saksbehandling.

– Kva om kommunen står på sitt?

– Då vil vi vurdera å be forvaltningskomiteen om å ta saka opp på eige initiativ. Vi trur ikkje komiteen heilt oppfatta dette med siktlinjene då komiteen var på synfaring. Alternativt vil vi gå til tingretten, seier husbyggjarparet.
 

– På trynet

– I kommunen si avvising blir det argumentert med at naboen truleg ville fått dispensasjon for grillhuset i 2005. Då var situasjonen ein annan, og næraste nabo på nedsida var LNF-området som bebuarane i området trudde ville bli verande slik. De har fått ein dispensasjon som av einskilde kan opplevast som eit større inngrep enn grillhuset til naboen ovanfor, som kommunen i ettertid meiner det ville blitt gitt dispensasjon for om det hadde blitt søkt om det. Har ikkje kommunen eit poeng her?

– Nei, det er vanleg å gi dispensasjon for LNF-område – i einskilde kommunar er alt areal i utgangspunktet definert som LNF. Å få dispensasjon frå parkareal er langt vanskelegare. Denne samanlikninga er heilt på trynet, meiner Handeland og Haugland.

Dei viser elles til at tomta deira vart flytta litt skrått nedover, slik at det no er ein om lag 10-meters buffer med ingenmannsland mellom dei og naboen ovanfor. Flyttinga vart først og fremst gjort for å imøtekoma siktkravet.


 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken