Kommunen forsvarar strenge vilkår

SIKTLINJER: Utbyggjarane meiner det er feil å berekna siktlinjer frå grillhuset ein ser oppe til venstre i bildet.

SIKTLINJER: Utbyggjarane meiner det er feil å berekna siktlinjer frå grillhuset ein ser oppe til venstre i bildet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Bakgrunn: Føler seg urettferdig behandla i tomtesak

Det unge paret har engasjert Ingeniørfirma Jarle E. R. Skadberg i saka, og sakskomplekset har samla eit utal dokument i åra som har gått sidan prosessen med å dela frå tomten starta i 2015. Skadberg sitt kronargument overfor kommunen kan samanfattast slik:

«Det kan ikkje vera slik at ein grunneigar skal kunna føra opp ein fritidsbustad utan løyve, for deretter å bruka det ulovlege tiltaket som argument for å krevja at nærare halvparten av naboen sin godkjente eigedom ikkje kan byggjast på, fordi omsøkt bygg tar utsikt frå den ulovleg oppførte fritidsbustaden».

Kommunen deler ikkje denne oppfatninga av saka, og i eit brev svarar kommunen mellom anna slik på husbyggjarane si oppmoding om ny saksbehandling:

«Grillhuset med bod er meldt inn og godkjent av kommunen som eit mindre byggetiltak som ikkje kan brukast til å bu i. Bygget er såleis lovleg oppført. (...) Administrasjonen ser ikkje at bygget har innhald som gjer det om til ein fritidsbustad som er eigna til å bu i, slik at påstanden om at dette er ein «fritidsbustad» ikkje kan imøtekomast. Om bygget avvik frå det som er gitt løyve til, blir dette i så tilfelle ein del av kommunens tilsyn, og ikkje del av denne saka».

Eigaren av grillhuset viser til at det i si tid vart søkt om storleik på 41 kvm, ikkje 15.

Skulle ha søkt

Men kommunen gir husbyggjarane rett i noko: «Då området er regulert til parkområde, skulle tiltakshavar søkt dispensasjon frå arealformål i plan», skriv kommunen sin saksbehandlar, Hilde Kjelstrup, seksjonsleiar for forvaltning.

Kommunen meiner likevel at dette ikkje nødvendigvis gjer vilkåra i husbyggjarane sin tomte-dispensasjon ugyldig, og held fram på denne måten: «At dette ikkje vart gjort, og at administrasjonen heller ikkje har behandla dispensasjon frå plan, gjer ikkje vedtaket automatisk ugyldig. Ein eventuell feil ved vedtaket må ha verka inn på avgjerda for at vedtaket skal vera ugyldig».

Deretter skriv kommunen noko oppsiktsvekkjande som på mange måtar stadfestar det kvinnherske byggesaks-ordtaket om at det er lettare å få «tilgivelse enn tillatelse». Her skjer «saksbehandlinga» 13 år i ettertid:

«I dette tilfellet var meldt tiltak plassert i utkanten av bustadområdet, med grense til busetnad. Tiltaket grensa vidare mot eit større LNF-område. Det er svært truleg at dispensasjon frå arealformål her hadde blitt innvilga, som også då ville ført til vedtak om godkjenning av tiltaket. På denne måten ville bygget då òg kunne oppførast lovleg».

– Er ikkje dette å gi blankofullmakt til kvinnheringar generelt? Bygg i veg, tilgjeving blir gitt?

– Spørsmålet blir stilt i éi spesiell sak, og for eitt enkelt vedtak. Det er då vanskeleg å sjå at vurderinga av det enkelte vedtaket gir blankofullmakt for eventuelt ulovlege tiltak. Det er verdt å minna om at bygget var meldt inn til kommunen og har fått løyve etter dei vurderingar som er gjort i saka. Som administrasjonen har sagt i denne saka tidlegare, vil eventuelle ulovlege bygg vera del av kommunen sitt tilsyn, svarar Kjelstrup.

Stein i glashus

Tilbake til kommunen sitt brev med svar på oppmoding om ny saksbehandling. Her peikar kommunen på at dispensasjonen er eit kompromiss:

«For å underbyggja påstanden om at løyve ville bli gitt, kan ein sjå på Dykkar sak og dispensasjonen som er gitt frå arealføremål i plan for å dela frå tomt til bustadføremål, noko som er eit meir inngripande tiltak enn grillhytta som det her blir sett spørjeteikn ved. Tiltaket De har fått dispensasjon for har òg møtt motstand frå naboar, noko ein forventa vart løyst ved vedtak med vilkår som blei fatta våren 2016, for å imøtekoma alle partar».

Åtvarar

Til slutt kjem kommunen med ei regelrett åtvaring: «Dersom ein motsetningsvis skulle koma til at saka skal behandlast på ny, tyder tidlegare saksbehandling på at dette vil bli svært tidkrevjande og vanskeleg å få alle partar tilfredsstilt. Administrasjonen vil med dette oppmoda til, og reknar med, at vedtak 2016/80 og vilkår gitt der blir følgde når komande byggjetiltak på eigedommen vert prosjektert».

Politisk sak

– Husbyggjarane meiner kommunen har gjort feil når ein har behandla førespurnad om ny behandling som klage. Dermed meiner dei at viktige poeng har gått både fylkesmannen og forvaltningskomiteen hus forbi. Argumentasjonen for dette er at saka har nye opplysningar, særleg poenget med å berekna siktlinjene frå eit ikkje omsøkt bygg. Vil kommunen behandla saka på nytt?

– Sakshandsamar oppfatta førespurnaden frå husbyggjarane via Skadberg som at ein klagar på vedtaket gjort i 2016 og vilkår som er gitt i vedtaket. Denne tolkinga vart også formidla til Skadberg, utan at vedkomande protesterte på det. Saka har no vore ein tur til Fylkesmannen sine juristar, og vi kunne forventa at dei ville ha slått ned på eventuelle feil i vår sakshandsaming. Det har dei ikkje gjort, men dei har til liks med oss vurdert dette som ein klage, svarar Kjelstrup, og held fram:

– I behandlinga av førespurnaden har ein vurdert at løyvet gitt til det omtalte bygget i 2005 ikkje er eit ugyldig vedtak, og då er ikkje grunnlaget for vedtak i 2016 mangelfullt, som husbyggjarane påstår, seier Kjelstrup.

– Om ein politisk vil vurdera om ein skal behandla saka på ny, må dette bli spelt inn som ei sak til forvaltningskomiteen der ein på eit grundig grunnlag gjer vurderinga, avsluttar Kjelstrup.

Kan ta ny runde gjennom endringsmelding

Leiar i forvaltningskomiteen, Øyvind Utne (H), meiner husbyggjarane kan ta ein ny runde i form av ei endringsmelding.

– Kan forvaltningskomiteen ta saka opp att på eige initiativ?

– Etter Fylkesmannen si siste avgjerd, meiner eg det beste er at tiltakshavar ser på høvet for å senda inn ei endringsmelding. Ønskjer ein å byggja annleis enn det ein har søkt om og fått godkjent, må ein søkja og nabovarsla på nytt, forklarar Utne.

– Husbyggjarane fryktar at komiteen ikkje heilt fekk med seg dette med siktlinjer under synfaringa. Kan du seia noko om korleis synfaringa føregjekk?

– Mitt inntrykk var at vi hadde ei god synfaring, sjølv om det var litt «høg temperatur» mellom partane.

– Ser du korleis denne saka kan løysast?

– Eg må forholda meg til det vedtaket som er gjort av komiteen, men dersom administrasjonen har tolka vedtaket vårt strengare enn det som var intensjonen, kan vi sjå på det gjennom ei endringsmelding frå tiltakshavar. Men eg kan ikkje lova noko konkret, då vi også vil ta omsyn til eigedomen som ligg bak, seier Utne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken