Reddar vipa på Sandvoll

I fred: Her får vipa hekka i fred for skarpe slåmaskinar.

I fred: Her får vipa hekka i fred for skarpe slåmaskinar.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Bestanden av viper er på kraftig ned i Kvinnherad. Det har dei gjort noko med på Sandvoll.

DEL

Dei seinare åra har det blitt færre og færre viper i Hordaland og elles i landet, og i Kvinnherad er det no få registrerte viper. Fuglen er eit av dei klassiske og kjære vårteikna våre.

På Sandvoll var dei ein gjeng på som tok fatt i dette problemet for fem år sidan. Då laga dei til eitt eige vipebeite på bøen til Steinar Skarveland. Her gjerda dei inn eitt område, der vipa skulle få fred og ro, og ikkje hamna i slåmaskiner og fôrhaustarar.

– Vi såg at vipa heldt på å forsvinna, og då det dukka opp eit par, så kom ideen om at vi kanskje kunne prøva å redda paret. Sidan er det kome fleire vipepar til Sandvoll.

– Det har vore eit veldig kjekt prosjekt, og den siste tida har fleire vist interesse for kva vi har gjort. Seinast i går hadde eg telefon frå Norsk Ornitologisk Forening i Bergen, som følgjer prosjektet. Dei har òg vore på Sandvoll for å kikka på kva vi har gjort, og for å telja viper, seier Steinar Skarveland.

I Kvinnherad er det no berre registrert tre hekkande vipepar i Omvikdalen og eitt i Rosendal. På Sandvoll derimot har det blitt fleire og fleire. I fjor var det registrert fem hekkande par, medan talet har gått opp i år.

– I fjor, før Vipa fauk av garde mot sydlegare strok, talde vi femten-seksten viper, og det tykkjer vi er stor stas, seier Skarveland

Sjølv er han ikkje noko spesielt fugleinteressert, men han tykkjer det er kjekt med låvesvalen og vipa som alltid har vore koselege vårteikn.

– Det er kjekt å kunne vera med å hindra at vipa døyr ut, seier Skarveland.

Eitt problem er det òg at måsen tar kyllingar og egg i vipereira.

– Vi har hestar i stallen på området, og det ser ut for at når vi slepper hestane ut, så skremmer det måsane. Dermed har det ikkje blitt eit problem at dei tek kyllingane og egga her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags