MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I Kvinnherad kommune er det mange oppdrettsanlegg for laks. Her er det mange gode arbeidsplassar. Det gjev gode inntekter til kommunen, etter at havbruksfondet vart oppretta. Desse arbeidsplassane kan lett forsvinna om MDG får det som dei vil, og lukkar alle anlegg før 2025. Dette er eit forslag som i realiteten kjem til å strupa næringa, ikkje føra til å ta næringa i ei meir miljøvenleg retning og nytta meir miljøvenleg teknologi.
For det fyrste: Det er ingen som produserer lukka anlegg i stor skala. Det er meg kjent berre eitt lukka anlegg i full produksjon. Dette vert drifta av eit selskap som heiter Akvafuture, og fungerer ganske godt. Likevel har sjølve anlegget lang produksjonstid, og har ikkje vore drifta i meir enn eit år. Andre store selskap som Mowi og Lerøy, har fleire prøveprosjekt på gong. Desse har høg investeringskostnad, og fleire av dei er i startgropa. Det er endå ikkje nokon som syner seg som noko å satsa stort på.
Ein annan ting som talar imot å lukka anlegga, er konkurransefortrinn. Noreg har ein vid og langstrakt kyst med lange fjordar og djupe viker som skjermar anlegga mot vêr og vind. Desse produksjonsforholda er gull verd, og eit stort konkurransefortrinn. Om investeringskostnadane går mykje opp, vil nok fleire selskap fasa ut produksjonen sin i Noreg og flytta han til andre land der krava er mildare, til dømes Skottland og Tasmania. Det tener verken miljøet eller arbeidsplassar i kommunen.
Forholda under oppdrettsanlegga er ikkje så galne som ein skulle trudd. Fiskeridirektoratet publiserte i april i år resultata for undersøkingane dei gjorde under oppdrettsanlegg i 2018. Resultatet syner at over 90 prosent av anlegga fekk god eller meget god på botntilstand. Med andre ord er det ikkje sant at «faeces» frå anlegga legg seg i ein haug på botnen og øydelegg for livet på botnen av fjorden. Det var berre 14 av over 600 anlegg som fekk svært dårleg.
I Senterpartiet har me trua på oppdrettsnæringa. Me ynskjer at ho skal halda fram med å vera leiande på lakseproduksjon i verda. For å klara dette, må me ta i bruk ny teknologi og utvikla anlegga. I framtida vil det vera mykje meir aktuelt å snakka om oppdrettsanlegg som ein heilt lukka krins. Men å krevja detta før 2025 er urealistisk, og vil nok gjera at færre satsar på ei næring som kan verta endå meir berekraftig og bli klimanøytral. Me må satsa på oppdrett, ikkje strupa rammevilkåra.
Andreas Ølvestveit,
Åkra
13. kandidat for Kvinnherad Senterparti