Sjå fårete «fotomodellar» på Sauens dag

På «Sauens dag» i Rosendal 26. mai kan du sjå fleire slike knalltøffe portrettbilde av sauene til Baroniet Rosendal! (Foto: Torstein Lund Eik).

På «Sauens dag» i Rosendal 26. mai kan du sjå fleire slike knalltøffe portrettbilde av sauene til Baroniet Rosendal! (Foto: Torstein Lund Eik).

Søndag 26. mai er det duka for «Sauens Dag» i Rosendal. Her får du fakta, smaksprøvar og ei tøff foto-utstilling med sauer som fotomodellar – kva meir kan ein vel be om?

DEL

Dagen er ein brakstart for Rosendalslam-konseptet, eit nytt konsept for geite- og sauehald. Den gode gamle baronen Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone jobba i si tid hardt for å etablera Baroniet Rosendal som eit mønsterbruk innan landbruk. Framleis skjer det nyskaping i landbruket, samstundes som klimautfordringane stiller krav til endring i drifta.

– Det heile handlar om å nytta dei ressursane ein har lokalt til å driva fram eit bærekraftig sauehald, fortel Lars Olav Eik i ei pressemelding.

Han er professor ved NMBU, ein av samarbeidspartnarane i prosjektet saman med Fatland Ølen, Kvinnherad kommune og Baroniet Rosendal. Det vert gjort mykje forsking på korleis ein best kan dra nytte av alt det sauen og geita kan tilby oss, og dette ønskjer ein å løfta fram under Sauens dag.

Det heile startar i Riddarsalen med føredrag om baroniet før og no, forsking knytt til Rosendalslam-konseptet, og Eikenes Sau & Silke frå Gjetingsdalen fortel om sitt arbeid for å auka verdiskapinga på garden – pluss mykje meir.

Etterpå er det ope hus i sauehuset, kor du kan få helsa på lokale produsentar og sjå portrettbilde av sauene til baroniet – noko du neppe har sett makan til før. Torstein Lund Eik er fotografen bak dei stilige bilda. I tillegg kan du helsa på dyra og få eit innblikk i kvardagen i sauehuset. Oppe ved hagekafeen står baronikokken klar for å servera deg smaksprøvar med lokale råvarer og nye vriar.

Her finn du altså noko for både små og store, dei kunstinteresserte, matvraka og landbruksentusiasten – så ta med deg slekta og kom! Arrangementet og smaksprøvar er inkludert i inngangsbilletten til Baroniet. Viss du ikkje har vore på omvising i slottet på ei stund, er dette eit ypparleg høve til å friska opp i gammal kunnskap.

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags