«Schlager og kanari» på biblioteket

Vert du nostalgisk ved tanken på søstrene Bjørklund? Eller Arne Bendiksen? Då bør du ta turen til biblioteket i morgon ettermiddag.
«Schlager og Kanari» er namnet på ein konsert på biblioteket på torsdag 7. mars. Ingvild Storhaug (song) og Lena Rist-Larsen (trekkspel) presenterer herleg musikk frå 30- til 60-talet, skriv biblioteket i ei pressemelding.
Dei to musikarane har ein felles lidenskap for popmusikk frå gode, gamle dagar. Idola er mellom anna Åse Wentzel, Nora Brockstedt og Zarah Leander. Når Ingvild & Lena skal ut på tur tek dei med seg eit variert knippe låtar i bagasjen. «Tulipaner fra Amsterdam», «Tango for to» og «Når det kommer en båt med bananer» er nokre av songane.
Sidan oppstarten i 2014 har duoen halde rundt 250 konsertar og hausta applaus, latter, tårer og allsong på konsertar frå Hå i sør til Tromsø i nord.
Song og trekkspel har hovudrollane i instrumentparken, som òg består av fiolin, autoharpe, melodika, vaskebrett og andre duppedittar.
Tilskipinga er i eit samarbeid med Folkeakademiet Hordaland og Hordaland fylkeskommune.
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!
Kommentarer til denne saken