Yasmin tek over etter Rebekka

Rebekka Erlingurdottir (t.v.) flyttar til Bergen og gir seg derfor med butikkdrift. Yasmin Kold Hansen tek over Bunnpris. (Arkivfoto).

Rebekka Erlingurdottir (t.v.) flyttar til Bergen og gir seg derfor med butikkdrift. Yasmin Kold Hansen tek over Bunnpris. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

I til saman 11 år Erlingur Nielsson først og seinare dottera Rebekka Erlingurdottir drive butikk på Seismfoss. Frå første januar er det slutt.

DEL

Det var i 2005 Erlingur Nielsson kom til Seimsfoss og tok over drifta av daglegvarebutikken der. I 2014 tok dottera Rebekka Erlingurdottir over drifta. Første januar gjev familien seg med butikkdrift, og då tek Yasmin Kold Hansen over.

Den nye eigaren av butikken har hatt dette som arbeidsplass i sju år, og ho ser fram til å driva sin eigen butikk.

– Eg tek over den første januar og er veldig glad for at eg får lov til å ta over verksemda, seier Yasmin.

Ho fortel at butikken vil bli driven mykje som tidlegare, men sjølvsagt med litt endringar. Bunnpris blir framleis kjeda ein skal vera knytt til.

Kold Hansen kjem eigentleg frå Bømlo, men bur i Guddal, og ho skryt uhemma av lokalbefolkninga som nyttar butikken.

– Det er ein fin gjeng som jobbar her, og vi har mange kjekke og trufaste kundar, fortel ho. 

Kva som blir den største utfordringa med å driva sjølv er ho usikker på.

– Eg har aldri prøvd dette før, og det blir spennande å ha ansvaret seier ho.

Blir veldig vemodig

Rebekka Erlingurdottir tykkjer det blir veldig vemodig å gje seg på Seimsfoss, men det er ei tid for alt.

Ho skal no flytta til Bergen til kjærasten, og der ventar det jobb som seljar i Brynhild-gruppen.

– Eg trur det er ei riktig avgjerdsle, men det blir og veldig trist å seia farvel til alle dei tilsette og til alle kundane av butikken.

29-åringen har vore involvert i butikkdrifta sidan familien flytta til Seimsfoss, og ho er stolt over det dei har fått til.

–Vi har skapt mange arbeidsplassar og har klart å halda liv i butikken. Det er eg glad for, seier Rebekka som har vore leiar for drifta sidan 2012. 

Når desember er omme er det slutt på ei æra på Seimsfoss, men Rebekka er klar på at det skal bli mykje artig i butikken fram til den tid.

–Kvar og ein kunde har vore fantastiske, og eg set stor pris på alle eg er blitt kjent med. I desember skal vi vera med å prøva å setja folk i god julestemning, seier Erlingurdottir.

Ho er og veldig glad for at Yasmin Kold Hansen tek over og held fram med butikken.

– Det er ei dame med bein i nasa, og eg er sikker på at ho vil få dette til, sluttar Rebekka Erlingurdottir. 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken