Gå til sidens hovedinnhold

Seks av ti nordmenn lèt ikkje koronaviruset stoppe ferieplanane

Artikkelen er over 1 år gammel

Nær seks av ti nordmenn lèt ikkje koronaviruset påverke ferieplanane, ifølgje ei ny undersøking.

57 prosent av dei spurde svarar at dei ikkje lèt koronaviruset påverke ferieplanane, medan 26 prosent svarar planane blir påverka. 19 prosent svarer «veit ikkje», i undersøkinga Norstat har utført for ABC Nyheter.

Undersøkinga vart avslutta måndag denne veka.

Både Norwegian og SAS har innstilt flygingar etter redusert etterspurnad på grunn av virusutbrotet.

FHI rår mot reiser til Nord-Italia, Sør-Korea, Iran og Fastlands-Kina.

(©NPK)

Les også

Koronaviruset: Folkehøgskulen held førebels fast ved skuletur til Japan

Kommentarer til denne saken