Sektorleiar for skule og barnehage presiserer: – Poenget med at skular og barnehagar vert stengde er at det skal vera begrensa kontakt mellom folk

Sektorleiar for oppvekst, Anne Sofie Bjelland Kjeka. (Arkivfoto).

Sektorleiar for oppvekst, Anne Sofie Bjelland Kjeka. (Arkivfoto).

DEL

I går torsdag 12.03.20, vart skular og barnehagar i heile landet stengde frå klokka 18:00.

I eit brev til foreldre og føresette skreiv sektorleiar for oppvekst i Kvinnherad kommune, Anne Sofie Bjelland Kjeka, at «det vert forventa at de praktiserer karantene for borna både på dagtid og fritid».

Det fekk fleire foreldre til å stilla spørsmål, og derfor sendte sektorleiaren eit nytt informasjonsskriv fredag, der ho beklaga formuleringa, og presiserte kva sektoren forventar:

– Det har kome nokre tilbakemeldingar på sektoren si melding om at det er «karantene». Me orsakar bruken av dette omgrepet, det var feil. Vårt mål var å setja fokus på eit viktig tema: Poenget med at skular og barnehagar vert stengde er at det skal vera begrensa kontakt mellom folk. Det er den einaste måten me kan stoppa denne pandemien på. Det offentlege tek no eit stort ansvar med å stenga skular og barnehagar, og dette vert gjort for at ein er redd for at det er umogleg å halda stor nok avstand når mange barn er samla, skriv sektorleiaren.

Det er viktig at elevane held seg i heimen om dagen og gjer skulearbeidet sitt, skriv ho vidare.

– Det er skulane sitt ansvar å ha kontakt med elevane og leggja til rette for læring og skulearbeid. Skulane i Kvinnherad er klare for dette oppdraget. Me lukkast når skulane og heimane står saman! Ja, det er som statsministeren seier , eit stort inngripen i vår fridom, men det er viktig for å redda mange sårbare og sjuke personar som er våre medmenneske, skriv Kjeka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags