Send oss bilde frå 17. mai-feiringa di – vinn flott premie!

Frå feiringa av nasjonaldagen på Gråskallen i Herøysund tidlegare. Foto: Astrid Iren Ljone.

Frå feiringa av nasjonaldagen på Gråskallen i Herøysund tidlegare. Foto: Astrid Iren Ljone.

Av
DEL


Snart er det feiring av 17. mai og grunnlovsdagen vår. På grunn av korona-krisa blir den spesiell og historisk.

Derfor er det viktig å dokumentera denne dagen i form av bilde. Det håpar vi lesarane vil hjelpa til med.

Vi vil ha bilde frå heile kommunen, som vi kan presentera på Kvinnheringen.no og i papiravisa.

Dei som sender oss bilde er med i konkurransen om ein flott Kvinnheringen-sekk med mange kjekke effektar i, blant anna eit unikt Kvinnheringen-krus.

Send bilda i høgast mogleg oppløysing til redaksjon@kvinnheringen.no eller last dei opp her.

Hugs å ha med namn på fotograf, kor bildet er tatt og kven vi ser på bilda.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken