Send oss bilde frå ferien din

Gjer som Andrine (2) gjorde sommaren for 15 år sidan. Send oss eit bilde som viser kva du gjer på denne ferien.

Gjer som Andrine (2) gjorde sommaren for 15 år sidan. Send oss eit bilde som viser kva du gjer på denne ferien. Foto:

Av

Har du tatt nokre blinkskot i sommar? Send bilda dine til Kvinnheringen, då vel!

DEL

Kvinnheringen ønskjer å sjå korleis lesarane brukar ferien sin i år. Har du vore på tur til Trolltunga eller vandra dei flotte gatene i København? Kanskje har du bygd det høgaste sandslottet Åkrasanden nokon gong har sett?

Sjølv om du berre har slappa av heime i hagen og nytt den ferskaste utgåva av lokalavisa di, slik som Andrine her gjorde sommaren 2005, kan du ha tatt nokre blinkskot.

Uansett kva DU brukar ferien din på, har vi lyst til å sjå bilde. Dei delar vi med resten av lesarane våre på Kvinnheringen.no og i papiravisa.

Send bilda i høgast mogleg oppløysing til redaksjon@kvinnheringen.no eller last dei opp her.

Hugs å merka bilda dine med namn på alle personane, fotograf og stad. Legg gjerne inn ei lita beskriving. Det flottaste bildet blir hovudbilde på Kvinnheringen si Facebook-side.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken